YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Bondelaget Suldal Bondelag er bøndene i Suldal sin fagorganisasjon.

Bildekreditering Anne Lise Norheim - Skattkammeret

Suldal og Sauda bondelag

Bondelaget Suldal Bondelag er bøndene i Suldal sin fagorganisasjon. Me har 161 medlemmer som er aktive bønder. I tillegg er ein del andre personar støttemedlemmer i organisasjonen vår. Bondelaget er eit viktig bindeledd mellom den einskilde bonde og staten. Me ynskjer å leggja til rette for at så mange som ynskjer det skal få tilbod om praksisplass i landbruket.

Arbeidsområde

Arbeid på ein gard passar godt for deg som er glad i fysisk arbeid. Gjennom stell og foring får ein også god kontakt med dyr. For å trivast er det viktig at du likar å ha kontakt med dyr. I fjøset er ingen arbeidsdag lik, enkelte dagar kan du kanskje få oppleve ei kalving?

Ein del av Norges bondelag

Suldal og Sauda bondelag er ein del av Norges Bondelag som arbeider for framtidas matproduksjon. Norges Bondelag er den leiande organisasjonen for næringspolitikk og service i landbruket. Med over 60.000 medlemmar i ryggen jobber me for å sikre dei beste vilkåra for norsk matproduksjon. Norges Bondelag arbeider for å betre vilkåra for landbruket og synleggjere kva betydning landbruket har i det norske samfunnet. Norges Bondelag er partipolitisk uavhengig, og med over 60.000 medlemmer, ca. 500 lokallag, 14 fylkeslag, gode politiske kontaktar og høg fagleg kompetanse, er vi ein sterk organisasjon med stor gjennomslagskraft

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Johannes Fattnes
mob.
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no