Velkommen til inspirasjonssida vår for yrkes- og utdanningsval i Indre Ryfylke! Her kan du finne ei rekke seminar frå LIVE-steamen vår til ungdomsskular og vidaregåande skular i Ryfylke under messedagen. Målet er å gi deg mykje god informasjon og inspirasjon til dei vala du nå står framføre.
Nedanfor kan du sjølv velje fritt blant dei videoande som er interessante for dei vala du står ovanfor. Her får du kjekke rollemodellintervju, informasjon frå opplæringskontor for dei som vel lærlingvegen og til og med eit møte med to verdsmeisterar.
På utstillarsidene her finn du informasjon om ei rekke ulike bransjar og dei tilboda regionen har av arbeidsstader og utdanningsval innanfor kvar bransje. Ta gjerne kontakt med utstillerande via den kontaktinformasjonen som står på sida deira. Du kan også komme tilbake til desse utstillarsidene ein annan dag.
Vertskapet, Anna L. Vaage og Stian Jelsa, ønskjer velkommen til messedag. Her får du møte flerie rollemodellar som fortel om sine val og du får god informasjon om yrkes- og utdanningsval i Ryfylke.
RYTOPP er eit tverrfagleg opplæringskontor i Ryfylke og dei arbeider for deg som vil veta meir om yrkesfag og det å vera lærling. I filmen får du gode tips og råd på vegen frå Hans og Bente.
I denne seksjonen kan du møte rollemodellar for 10. klasse og VGS. Her fortel dei om sitt utdannings- og yrkesval. Kanskje blir du inspirert?
I denne seksjonen vil du bli betre kjend med om vertskapet for dagen, Anna L. Vaage og Stian Jelsa. Her fotel dei som sine utdanningsløp og prosjekt, og gir deg nokre gode tips og råd på vegen.
I denne videoen møter du verdsmeisterane Anders Mol og Christian Sørum som mellom anna vann verdsserien i sandvolleyball i 2018. Her fotel dei som sine val og kva dei har gjort for å bli best i verda.
Er du ferdig med videosnuttane? Då håper me du utforskar dei flotte bransjehusa og utstillarane våre ved å klikke deg inn her. Desse sidene vil vera her heile året slik at du kan koma tilbake igjen og igjen om du er interessert i å utforske dine moglegheiter i regionen vår.