YUM:2021 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Omega Design er eit lokalt og unikt kommunikasjonsbyrå. Jobben vår er å skape positiv merksemd rundt kundane våre, og deira varer.

Foto og filmoppdrag i prosess. Filmfotograf Elin Sørheim, Dagleg leiar i Åkrafjorden Nature B&B og prosjektleiar for Via Ferrata - app Bente Bakke.
Filmfotograf Elin Sørheim, Dagleg leiar i Åkrafjorden Nature B&B og prosjektleiar for Via Ferrata - app Bente Bakke.
Dagleg leiar i Omega Design Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Dagleg leiar
mob.
971 94 788

Omega Design

Me tilbyr kundane våre design og kommunikasjonstenester som produksjon av nettsider og reklamemateriell. Me har og eit eige team for produksjon av appar og film, i tillegg til at me jobbar med design på alle flater. Etter mange år i bransjen har me opparbeida oss god erfaring med PR- og kommunikasjonsarbeid, der medietrening og rådgjeving inngår. Me tilbyr og innhaldsproduksjon for nettsider, magasin og sosiale medium. Omega Design har hovudkontor i Ølensvåg i Vindafjord, i tillegg til kontor i næringshagen på Sand.

Som eit fullverdig reklamebyrå kan me tilby alle type tenester innan design og kommunikasjon. Folk som jobbar hos oss har ulik bakgrunn og utdanning. Yrke du finn hjå oss er blant anna grafisk designar, journalist, kommunikasjonsrådgjevar, web-utviklar, prosjektleiar, filmfotograf, filmjournalist, marknadsførar, systemutviklar og UX-designar.

 

Grafisk Design

Me tilbyr utvikling av visuelle identitetar: Logo, grafisk design, UX-design og webdesign. Me designar nettsider, nettbutikk, trykksaker og reklamemateriell. Design av visuelle identitetar, logo, brosjyrar, magasin, plakatar, annonser, illustrasjon & animasjon bidreg til å bygge ei merke på alle flater. Form og funksjon er nøkkelorda for godt og berekraftig design.

 

Nettdesign og webutvikling

Me tilbyr design og utvikling av prisgunstige og brukarvenlege nettsider, nettbutikk og appar. Nettsider, nettbutikk og mobilapp gir deg sjans til å nå ut i ein større marknad lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt om ønskeleg.

 

Tekst og kommunikasjon

Me tilbyr tekst og innhald til trykksaker, nett og sosiale medium. PR, pressearbeid og rådgjeving. I tillegg produserer me podcast for kundar. Godt og relevant innhald på nettsida og i sosiale medium gir nøgde, lojale og engasjerte kundar. Me hjelper med skriving av tekstar på norsk og engelsk og kan utvikle kommunikasjonsstrategi for bedrifter.

 

Animasjon

Me bruker animasjon til å visualisere det kundane ønskjer å formidle. Med animasjon blir bodskap både underhaldande og informativt. Ein animasjon er som ein liten teiknefilm og passer svært godt til bruk i sosiale medium. Stadig fleire aktørar bruker animasjon for å fremme sitt bodskap.

 

Film

Me tilbyr produksjon av profileringsfilm, oppdragsfilm, og reportasjar. Gode filmar med tydelege poeng kan ein ha stor nytte av til rekruttering, opplæring, underhaldning og marknadsføring. Me tilbyr også dronefoto/film, som kan brukast på nettsider, ein infoskjerm, påFacebook, YouTube, Vimeo, Snapchat og andre sosiale medium.

 

Har du lyst på ein karriere innan design, media -eller kommunikasjon? Ta ein prat med oss i Omega Design så finn me kanskje noko som kan passe for deg.

Bli med på konkurransen vår på

Instagram!

delta her
Ungdommar på ski i Sauda skisenter
Foto: Per Inge Fjellheim

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Dagleg leiar i Omega Design Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
Dagleg leiar
mob.
971 94 788

Hovedkontor
Kvassanesvegen 4
5582 Ølensvåg

Avdeling Sand
Sandsvegen 134
4230 Sand

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 930 83 452
Epost: ragnar@saudaferie.no