YUM:2022 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Suldal Vekst arbeider for grunderane og bedriftene i indre Ryfylke.

Bilde av verktøykasse
Suldal Vekst. Foto: Mikkel Meister

Suldal Vekst

Går du med ein god ide til ei ny bedrift? Ønskjer du å setje opp ei bedrift for eit arbeid du gjer? Har du lyst til å lage eit arrangement, eit prosjekt eller noko anna spanande? Eller kanskje ønskjer du inspirasjon og støtte til å vidareutvikla den bedrifta du allereie har? Då høyrer Suldal Vekst gjerne frå deg!

Ein av 40 næringshagar

Suldal Vekst AS er ein av 40 næringshagar i Noreg. Me har som  som mål å hjelpe grunderar og andre med gode idear til å skape nye bedrifter og arbeidsplasser i Indre Ryfylke, og å støtte opp om eksisterande bedrifter for å sikre auka verdiskaping og vekst. Gjennom ulike statlege, regionale og kommunale ordningar har Suldal Vekst tilgong på ei rekke ulike verkemiddel, støtteapparat, nettverk og ordningar som me kan linke deg opp med for å gi deg best mogleg hjelp på di og di verksemd si reise. Me set deg også i kontakt med personar, organisasjonar og andre mentorar som er ekspertar på akkurat det du driv med.

Grunderane er våre heltar, og me heiar på unge grunderar som ønskjer å vera med på å skapa framtidas løysingar og verksemder. Har du eit ønskje om å skape noko treng du difor ikkje lang erfaring eller kompetanse innanfor bedriftsleiing. Brenn du for din ide og ønskjer å satse  på å få den ut i livet hjelper me deg gjerne på vegen.

Reiseliv og prosjektleiing

I tillegg til å vera ein næringshage som arbeider mot nye og eksiserande bedrifter tek Suldal Vekst ei rekke oppdrag som prosjektleiiar. I Suldal Vekst har eit stort fokus på reisemålsutvikling der me driftar Suldal turistkontor og merkevara Visit Suldal. I 2020 blei Suldal merka som eit Berekraftig reisemål under ordninga til Innovasjon Norge, og verktøya og prinsippa herifrå er difor ein viktig del av reisemålsutviklinga. Me har også eigne personar som har fokus på rekruttering, arrangementutvikling og andre prosjekt.

Me høyrer gjerne frå deg!

I Suldal Vekst har me trua på at menneske er det viktigaste for at bedrifter og samfunna våre i Ryfylke skal vera levande og gode, også i framtida. Dette er grunnen til at me treng nettopp deg til å bygge opp framtidas Ryfylke!

Har du ein bedriftside? Går du rundt med eit ønskje om å starte opp eit prosjekt? Eller kanskje du ønskjer å vite meir om Suldal Vekst sitt arbeid? Då høyrer me gjerne frå deg! 

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Profilbilde
Laila Steine
Dagleg leiar
mob.
977 75 757

www.suldalvekst.no

Sandsvegen 134,

4230 Sand

Alf Aadnøy

Epost: alf@suldalvekst.no

Telefon: 905 66 358

Forretningsutviklar/Prosjektleiar

Leif Inge Løland

Epost: leif.inge@suldalvekst.no

Telefon: 414 48 627

Forretningsutviklar

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@suldalvekst.no