YUM:2021 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Fagbrev i handverk = trygt val.

Ansatte hjå Svein Klungtveit AS

Svein Klungtveit AS

Ein kan ikkje fikse dassen via internett, ei heller grave grøfta for fiberen som fører Netflix til skjermen. Handverkaren trengs som aldri før!

Me på Klungtveit strekk oss langt for at du som lærling skal få ta så stor del i arbeidsdagen som mogleg. Me trur på learning by doing! Ser du mørkt på åresvis med skulegong og heller vil komma raskt i arbeid? Då er me rette valet for deg. Me kan tilby fagbrev innan røyrlegging, maskinførar og yrkesmekanikar!

 

Med ein bransje i stadig endring, treng me unge arbeidsfolk som er fødde med smarttelefonen i handa, som skjønar teknologi, men som ikkje er redde for å tai eit tak. Når du finn greia di, legg me meir enn gjerne til rette for etterutdanning på feltet. Gjennom kjeden vår VB har me og tilgong til det nyaste innan kurs og kompetanse!

Vil du bidra til det gode liv i Suldal, ja då treng me DEG med på laget for å leggje til rette for nye hus, hytter, vegar, boblebad og strøkne maskinparkar!

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Gåsavikja 7, 4230 Sand
Telefon: 52 79 29 70
post@klungtveit.com

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.