YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering;

Handverk, design og produktutvikling

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er handverk, design og produktutvikling?

Er du kreativ og glad i å arbeide med henda? På HIP får du arbeide med tradisjonsrike handverksfag heilt frå idé til ferdig produkt. Dette studieprogrammet passar for deg som likar å arbeida med ulike materiale og teknikkar, og har lyst til å utforska nye idear og design. Du får arbeida praktisk med ulike materialar. Her blir du kjent med tradisjonelle og nyare teknikkar innan tekstil, tre, metall, leire, 3D-print, laser med meir. Du vil utvikle din kreativitet gjennom designprosessar, lære å kvalitetssikre og dokumentere arbeidet ditt.

Kva kan eg arbeide innanfor?

Med denne fagutdanninga kan du få jobb innanfor ei rekke praktiske yrke der du utviklar ulike prosukt. Det kan vera som urmaker eller gullsmed, som drakt - eller bunadsyar, møbelsnekker eller treskjærar eller som keramikar, skomaker eller smed.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Trykk her for ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for handverk, design og produktutvikling i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no