YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering;

Næring og kompetanse

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er næringsutvikling?

Næringsutvikling handlar om å utvikling i eit område som er med på å skape arbeidsplassar, inntekter og eit viktig bidrag til lokalsamfunnet, ofte i form av å utvikle eller å skape bedrifter. For kommunar i distrikta, som Suldal og Sauda, er det viktig å kunne utvikle nye idear til bedrifter og å vidareutvikle eksisterande bedrifter for å skape levande grender og ein god stad for folk å bu.

Kva kan eg arbeida innanfor?

Fagfeltet "Næringsutvikling" er for deg som går med ein idé i magen som du gjerne skulle ha utvikla og realisert eller for deg som ønskjer å vidareutvikle ei bedrift som allereie eksisterer. I Ryfylke har ein verksemdene Suldal Vekst og Sauda Vekst som har spesielt fokus på å hjelpe grunderar og andre som ønskjer å utvikle bedrifter. Med hjelp av forretningsutviklarar her får ein tilgang på gode verkemiddel frå heile Noreg til å utvikle din ide i Ryfylke.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Ein treng ikkje ei spesiell bakgrunn eller utdanning for å kunne starte ei eiga verksemd eller vidareutvikle eksisterande verksemd. Det viktigaste er at du brenn for og har god kunnskap om det du ønskjer å utvikle. Fag innanføre økonomi, administrasjon, leiing og HR kan likevel vera viktige for å utvikle din kompetanse innanføre det å leie ei verksemd.

Folk i arbeid - læra heile livet

Sauda og Strand vidaregåande skular som regionale kompetansesentra, har i lag med arbeidslivet, NAV, Ryfylke kommunane og Høgskolen i Innlandet løfta fram pilotprosjektet MOR for å møta utfordringar kring å lære heile livet lokalt og regionalt. Les meir om dette HER

«Ingen skal gå ut på dato på grunn av manglendekompetanse»

                                                         Kompetansereformen(2019-2020).

Sauda vidaregåande skule har  tilbod for kompetanse for vaksen for Suldal og Sauda som er eit tilbod for deg som vil ha ein tilleggsutdanning, omskolering eller ynskjer eit ekstra fagbrev.

Les meir under kompetanse for vaksne

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for næringsutvikling og kompetanseheving i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no