Yrkes- og utdanningsmesse for Sauda og Suldal
Yrkes- og utdanningsmessa (YUM) er ein årleg arena der lokale ungdommar i Sauda og Suldal møter næringslivet og utdanningsinstitusjonar i regionen. Målet er at unge i Ryfylke skal få kjennskap til lokale moglegheiter for utdanning og framtidig arbeidsliv, samtidig som næringslivet skal kunne bidra til tidleg rekruttering og synleggjering av eiga verksemd ut mot framtidas arbeidstakarar.
YUM består av ein årleg messedag der lokale verksemder presenterer seg sjølv og dei jobbmoglegheitane dei kan tilby, samt den digitale, heilårige rekrutteringsportalen utdanningiryfylke.no.
YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp, ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal, der ein kvart år når ein ut til omlag 800 elevar i 10. trinn og den vidaregåande skulen.
YUM tek eit aktivt berekraftsansvar der prosjekeigarane er miljøsertifiserte og der ein jobbar saman med utstillarane for å minke miljøavtrykket på messa år for år.
Portalen og prosjektet YUM blir drifta av Næringshagen i Ryfylke og Sauda Vekst.
Sikre gode band med framtidas arbeidsstyrke
Me har eit allsidig og aktivt næringsliv i regionen, men nokre næringar opplever mangel på kvalifisert arbeidskraft i dag og framover. Ein viktig føresetnad for levande distrikt i framtida er ny og ung arbeidskraft. Gjennom YUM kan di verksemd profilera seg mot dine framtidige arbeidstakarar, inspirere dei til å velje ei utdanning innanfor ein område der de opplev eit behov og motivere til å også sjå på moglegheiter i eige lokalmiljø. Samla vil næringslivet i indre Ryfylke gjennom messedagen og denne portalen også heve attraktiviteten til kommunane for den yngre generasjonen for å inspirere til at fleire blir buande eller flytter heim etter fullført utdanning.
Alle utstillarar blir oppfordra til å sikre at deira utstilling under messedagen har lågast mogleg fotavtrykk, der ein mellom anna sender ut informasjon om gode tiltak til dette arbeidet til bedriftene i god tid.
Er du interessert i å profilere di verksemd? Ta kontakt med oss på [email protected] så sender me deg meir informasjon.
Er du elev eller student på leit etter inspirasjon til kva utdanningsval eller retning som er rett for deg? Eller kanskje du planlegg å flytte til indre Ryfylke og lurer på kva jobbmoglegheiter me har å tilby? Kanskje bur du allereie i Sauda eller Suldal og er på leit etter nye utfordringar?
Uansett kva din bakgrunn er har portalen utdanningiryfylke.no som mål om å gi deg ei god oversikt over kva arbeid- og utdanningsmolegheiter indre Ryfylke og regionen rundt har å tilby. Ved å klikke deg inn på dei ulike bransjehusa kan du finne meir informasjon og kontaktinformasjon til kvar enkelt bedrift.
Kvart år arrangerer ein også ein messedag i samarbeid med ungdomsskular og vidaregåande skular i Sauda - og Suldal kommune der ein får møtt kvarandre, stilt spørsmål og får tak i meir informasjon. Mykje av dette materialet blir også lansert på denne sida under "program" slik at du kan ta det i bruk også om du ikkje går på ein av desse skulane.
Har du fleire spørsmål om korleis du tek i bruk portalen eller korleis du kjem i kontakt med dei utstillarane du er meir interessert i? Elevar og studentar bør ta kontakt med rådgjevar ved sin skule som vil gi deg god hjelp på vegen. Andre kan ta kontakt direkte med Sauda Vekst og Næringshagen i Ryfylke.
Ønskjer du å koma i kontakt med elevar og studentar frå Indre Ryfylke som skal søke seg inn på høgare utdanning? Gjennom YUM sin messedag vil du bli profilert direkte inn mot i omlag 800 elevar, i tillegg til å vera med på å styrkje attraktiviteten til indre Ryfylke gjennom ein felles plattform som synleggjer moglegheiter og breidda av tilbod i regionen. Utover sjølve messedagen vil din utdanningsinstitusjon bli profilert på vår heileårige og digitale rekrutteringsplattform utdanningiryfylke.no som blir nytta i ulikt rekruttering og rådgjevingsarbeid.
Alle utstillarar blir oppfordra til å sikre at deira utstilling under messedagen har lågast mogleg fotavtrykk, der ein mellom anna sender ut informasjon om gode tiltak til dette arbeidet til bedriftene i god tid.
Ta kontakt med oss på [email protected] for meir informasjon.
Er du interessert i å skape tettare kontakt mellom din institusjon, elevar og næringslivet i regionen? Gjennom messedagen og vår digitale rekrutteringsplattform arbeider me gjerne saman med deg for å bidra til å skape tettare kontakt mellom dine elevar og næringslivet i Sauda og Suldal kommune. Me har ei rekke ulike verktøy, nettverk og forum for å skape best mogleg resultat for din utdanningsinstitusjon.
Ta kontakt med oss på [email protected] for meir informasjon.