NB! Messedagen er no over for i år, men du kan framleis få mykje god inspirasjon frå seminara som blei holdt her under "seminar" sida. Du kan også besøke våre utstillarar ved å besøke dei ulike bransjesidene. Dei gler seg til å høyre frå deg! Me ser fram til å møte deg på vår neste messedag i 2022.
Dato: Torsdag 21.januar 2021 kl 09:15-14:30
Ope for: Elevar, studentar og deg som ønskjer meir informasjon om yrkes- og utdanningsval i Ryfylke.
Sending: Sendinga vil du finne du under undersida "Live" her på nettsida.
Programleiarane våre Anna L. Vaage og Stian Jelsa ønskjer deg velkommen til vår digitale messe. Her får du meir informasjon om sjølve messedagen og nettsida utdanningiryfylke.no. Her får du møte fleire lokale ungdommar for å høyre deira historiar rundt kva utdanning- og yrkesval dei har tatt - her er det til og med to verdsmeisterar som tek turen!
Kvar enkelt skule vil informere deg om programmet for den individuelle inspirasjonsworkshopen. Her vil du møte ulike rollemodellar som vil dele sine erfaringar og tankar rundt yrkesval med deg. RYTOPP, dei som støttar opp om lærlingar og dei som søker læreplassar i Ryfylke, kjem for å fortelje meir om kva moglegheiter dei som vel den yrkesfaglege vegen har gjennom deira tverrfaglege opplæringskontor.
Våre utstillarar er tilgjengelege for å svare på dine spørsmål under messedagen via mail eller sosiale medier. Kontaktinformasjon til kvar bedrift finn du på deira side her på nettsida. Fleire av bedriftene har også konkurransar under messa! Gå inn på dei ulike bedriftssidene og svar innan klokka 24:00 for å vera med i trekninga av kjekke premiar.
Bergeland videregående skole
Hetland videregående skole
Maritimt Opplæringskontor