YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Aktivt næringsliv gir godt bygdeliv!

Mann i samtale med dame på kontor
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Næringshagen i Ryfylke

Går du med ein god ide til ei ny bedrift, eller kanskje du ønskjer du å setje opp ei bedrift for eit arbeid du allereie gjer? Har du lyst til å lage eit arrangement, eit prosjekt eller noko anna spanande? Eller kanskje ønskjer du inspirasjon og støtte til å vidareutvikla den bedrifta du allereie har? Då høyrer me gjerne frå deg!

For deg med gode idear eller ønskje om å bli gründer

Går du med ein ide til eit nytt tilbod eller produkt som du ønskjer å dele med verda, eller kanskje du alltid har hatt ein draum å skape din eigen arbeidsplass? Me hjelper deg med alt frå ideavklaring, utvikling av forretningsplan og etablering av bedrift.

Gjennom eit samarbeid med kommunane Suldal og Hjelmeland tilbyr me gratis etablerarettleiing for alle som ønskjer å realisere gründerdraumen!

For deg som ønskjer å starte opp eit prosjekt, ein aktivitet eller eit arrangement

Ønskjer du å koma i gong med eit prosjekt, men er usikker på korleis du kjem i gong? Lurer du på kven som kan vera med på laget eller korleis du skal organisere deg for best mogleg resultat? Næringshagen i Ryfylke hjelper deg gjerne i gong med prosjektet ditt, og kan følgje deg heile vegen til ferdig resultat.

For deg som ønskjer å arbeide med forretningsutvikling, reiseliv og prosjekt - praksisplass!

I Næringshagen i Ryfylke er me eit lag på seks personar som arbeider for å hjelpe bedrifter, grunderar og andre med å starte opp og vidareutvikle sine idear i vår region, då me har trua på at me treng eit samfunn rikt på bedrifter og aktivitetar for at Ryfylke skal vera ein god stad å bu og leva. Som ein del av dette har me også ei rekke oppgåver knytt til reisemålsutviklinga av Suldal, i tett samband med Suldal kommune. Her er me mellom anna ansvarlege for turistinformasjonen, VisitSuldal.no, turistbrosjyrar, Visit Suldal sine digitale kanalar og mykje anna. Næringshagen tek inn ein lærling knytt til våre reiselivsoppgåver, og høyrer gjerne frå deg om du er interessert i å ta din praksis hjå oss.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Profilbilde
Laila Steine
Dagleg leiar
mob.
977 75 757

www.nhryfylke.no

Sandsvegen 134,

4230 Sand

Laila Steine

Epost: laila@nhryfylke.no

Telefon: 414 48 627

Dagleg leiar

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no