Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.
Næringsutvikling handlar om å utvikling i eit område som er med på å skape arbeidsplassar, inntekter og eit viktig bidrag til lokalsamfunnet, ofte i form av å utvikle eller å skape bedrifter. For kommunar i distrikta, som Suldal og Sauda, er det viktig å kunne utvikle nye idear til bedrifter og å vidareutvikle eksisterande bedrifter for å skape levande grender og ein god stad for folk å bu.
Fagfeltet "Næringsutvikling" er for deg som går med ein idé i magen som du gjerne skulle ha utvikla og realisert eller for deg som ønskjer å vidareutvikle ei bedrift som allereie eksisterer. I Ryfylke har ein verksemdene Suldal Vekst og Sauda Vekst som har spesielt fokus på å hjelpe grunderar og andre som ønskjer å utvikle bedrifter. Med hjelp av forretningsutviklarar her får ein tilgang på gode verkemiddel frå heile Noreg til å utvikle din ide i Ryfylke.
Ein treng ikkje ei spesiell bakgrunn eller utdanning for å kunne starte ei eiga verksemd eller vidareutvikle eksisterande verksemd. Det viktigaste er at du brenn for og har god kunnskap om det du ønskjer å utvikle. Fag innanføre økonomi, administrasjon, leiing og HR kan likevel vera viktige for å utvikle din kompetanse innanføre det å leie ei verksemd.
Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for næringsutvikling i regionen vår.