YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Jarle Lunde/Suldal Foto
Bilde kreditering;

Helse- og oppvekstsfag

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er helse- og oppvekstfag?

Liker du å arbeide med menneske, er god til å samhandla og kommunisera med andre, ønskjer å visa omsorg og synes det er spanande å utvikle desse sidene av deg vidare? Då er helse- og oppvekstfag noko for deg. Gjennom denne fagutdanninga vil du få innsikt i kosthold, ernæring, korleis kroppen er bygd opp og utviklar seg, i tillegg til psykisk og fysisk helse. Du vil også lære om helsefremmande arbeid og om korleis ein møter andre menneske og pasientar i ulike situasjonar.

Kva kan eg arbeida som?

Utdannar du deg i denne retninga  kan du velje mellom mange yrke og arbeidsplassar innan helse- og oppvekst, både i privat og offentleg sektor. Du kan mellom anna bli helsefagarbeidar, ambulansearbeidar, portør, barne- og ungdomsarbeidar, apotekteknikar, helsesekretær, hudpleiar og fotterapaut.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for helse- og oppvekstfag i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no