YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: RYTOPP
Bilde kreditering;

Studiespesialisering

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er studiespesialiering?

Liker du å arbeide med teoretiske fag, er interessert i å skrive og rekne og vil gjerne forstå  kultur- og samfunnsforhold? Da er studiespesialisering programmet for deg. Nokre av faga er bestemt gjennom det som blir kalla "fellesfaga", medan du vel andre fag som programfag og fordjupar deg i. Avhengig av kva fag du vel, fordjupar du deg i matematikk og andre realfag, leiing og økonomi, historie, politikk og psykologi eller språk.

Kva kan eg arbeida med?

Når du er ferdig med studiespesialisering kan du gå vidare på universitet og høgskule. Nokre høgare utdanningslinjer har krav til kva fag du må ha tatt og karakterer på vidaregåande, noko det kan vera lurt å setje seg inn i saman med rådgjevaren på din skule. Det er ofte studiet eller graden du tek på universitet eller høgskule som avgjer kva yrkesretning du tek. Med studiespesialisering kan du mellom anna ta høgare utdanning som gjer at du kan bli sjukepleiar, lege, jurist, økonom, lærar, psykolog, forskar, med meir.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for studiespesialisering i regionen vår.


Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no