


I Sauda kommune jobbar over 500 personar med ei felles oppgåve: å gjera kvardagen betre for folk som bur her. Vil du bli ein av oss i framtida?
.jpg)



Kvifor jobb i Sauda kommune?
· Me har over 80 ulike yrker i kommunen
· Altså masse variasjon og mangfald i menneske og oppgåver!
· Du får meiningsfylte arbeidsdagar
· Og du bidrar til å gjera Sauda til ein god plass å bu
· Me har sommarjobbar for ungdom og studentar
· Og me tar årleg inn nye lærlingar innanfor helsefag, barne- og ungdomsarbeid, institusjonskokk, kontorfag, byggdrift ++
Sauda kommune er ein arbeidsplass med stort spenn i oppgåver og yrker. Som tilsett i kommunen kan du jobba med alt frå å skapa trygge oppvekstmiljø i skule og barnehage til økonomi og IT, som arealplanleggar, flyktningkonsulent eller lærar i kulturskulen. Du kan bidra til god helse og gode liv gjennom kommunens helsetenester frå fødsel og gjennom heile livet, og du kan jobba med utvikling av næringsliv og lokalsamfunn. Kommunens tilsette driftar tekniske anlegg, bygg og vegar, og driv symjehall, kulturhus, bibliotek og kino.
Saman får me samfunnet til å fungera – kvar einaste dag.
Me vil gjerne ha DEG med på laget!

