YUM:2021 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
bilde kreditering RYTOPP
Bilde kreditering;

Bygg- og anleggsteknikk

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er bygg- og anleggsteknikk?

Ønsker du å velgje  bygg- og anleggsteknikk bør du ha praktisks sans, vera nøyaktig og ha eit godt handlag. Bygg- og anleggsteknikk første året vil gi deg ei viss innsikt innanfor mange fag og grunnleggjande ferdigheiter som gir deg bakgrunn for å velgje vidare i VG2. Du vil møte material som tre, betong, ulike metall og kjemiskestoff. Handtering av verktøy og maskinar av mange slag vil inngå i opplæringa. Oppføring, ombygging og vedlikehald av bygningar og anlegg med tilhøyrande tekniske installasjonar er sentralt.

Kva kan eg arbeide som?

Med ei utdanning innanfor bygg- og anleggsteknikk kan du få jobb innanfor ei rekke yrke i privat og offentleg sektor. Du kan mellom anna bli veg- og anleggsarbeidar, anleggsgartnar, anleggsmaskinførar, malar, murar, tømrar, røyrleggar, silasbyggar, taktekkar, blikkenslager, trevaresnekker og glasfagarbeidar.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for bygg- og anleggsteknikk i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.