YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Ynskjer du å jobba innan byggfag er me alltid på jakt etter nettopp deg!

Tilsette hjå KV Bygg Suldal

Norgeshus KV Bygg Suldal

Me vil ha deg med på laget, og ynskjer deg velkommen til å søka læreplass hjå oss!

Me er eit veletablert byggjefirma i indre Ryfylke. Med hovedkontor på Garaneset på Sand, er me sentralt plasserte for å kunne ta oppdrag i heile regionen. Forutan oppføring av nye hus og hytter, næringsbygg og offentlege bygg har me lang erfaring frå restaurering og rehabilitering. Me er pr i dag 25 tilsette, og våre fagfelt er bla tømrar, byggjeleiar, prosjektleiar, arkitekt, blikkenslager, murar, sal, markndsføring mm.

Heilt i frå KV Bygg Suldal vart stifta har målet vore å driva med lokale medarbeidarar. Gjennom langsiktig arbeid, er me nå ein fantastisk gjeng med erfarne fagfolk! Og dersom du ynskjer å jobba innan byggfag er me alltid på jakt etter nettopp deg! Eit av våre mål er også å skapa nye arbeidsplassar slik at fleire unge kan flytta heim igjen. Me ynskjer levande bygder med gode oppvekstvilkår! Vår filosofi er at sikkert arbeid, ryddig byggeplass og god oppfølging gjer ting lettare både for oss og kundane våre.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Bjarte Leirvik
Dagleg leiar
mob.
52 790 630

Sandsvegen 134

4230 Sand

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no