Kvart år samlar me ungdommar frå Sauda og Suldal til inspirasjonsdag for yrkes- og utdanningsval. I år blir denne dagen digital og open for alle. Følg programmet her torsdag 21. januar klokka 09:15.
Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?
Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.
Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.
YUM
YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp, ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.