YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering;

Musikk, dans og drama

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er musikk, dans og drama?

Driv du med musikk, dans eller drama på fritida? Er du samstundes interessert i teoretiske fag? Då kan dette vera studiet for deg. Du vil få brukt dine kunstnariske og menneskelege erfaringar som ein ikkje kan lære gjennom bøker. Du får ta del i gleda, leiken og den kreative spontaniteten i eit spanande miljø med stor aktivitet.

Utdanningsprogrammet er delt i dei tre programområda: musikk, dans og drama. Du vel fordjuping innanfor eit av dei. Opptakskrav og bruk av opptaksprøve varierer.

Kva kan eg arbeida med?

Med utdanning frå musikk, dans og drama og vidare fullført høgare utdanning kan du mellom anna bli dansar, koreograf og dansepedagog, sangar, sangpedagog, sangterapaut, skodespelar, scenograf, og dramaturg.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Trykk her for ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for musikk, dans og drama i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no