YUM:2023 / UTSTILLARAR

Menneske som samlastBord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Folkehøgskulane i Norge
Bilde kreditering;

Folkehøgskular

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er ein folkehøgskule?

Folkehøgskule er den friaste skulen i verda! I ni månedar bur du på internat på skulen og fordjuper deg i noko som interesserer deg utan karakterar, pensum eller eksamen. Me trur nemleg at me lærer best utan press! I tillegg får du vener og minne for livet.

Det finst totalt 82 folkehøgskular og 700 ulike linjer innanfor ei rekke ulike tema som musikk, media, friluftsliv og teater. Dei fleste går på folkehøgskule etter vidaregåande, men det finst ingen øvre aldarsgrense.

Kva kan eg arbeida innanfor?

Dei fleste går vidare til å ta ei fagutdanning eller anna høgare utdanning etter folkehøgskulen. Dette kan vera innanfor det du studerte på folkehøgskulen eller noko heilt anna.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Folkehøgskulen gir deg ikkje eit fagbrev eller studiepoeng, men viktig erfaring og kompetanse frå det faget du vel. I tillegg får du to konkurransepoeng som du legg til på andregangsvitnemålet ditt når du skal søke deg vidare.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle val for folkehøgskular i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no