YUM:2021 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering;

Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Informasjonsteknologi og medieproduksjon er for deg som er glad i å arbeide med data og teknologiske verkemiddel, som er kreativ og glad i skape innhald. I denne yrkesutdanninga får du større innsikt i data og teknologi med tema som brukarstøtte, nettverk, IT-tryggleik og programmering. Du lærer også  om idéutvikling og kreativ problemløysing der de har fokus på innhaldsformidling og historieforteljing, foto, film og grafisk design. Du vil også få kunnskap om kommunikasjon og marknadsføring.

Kva kan du arbeida innanfor?

Med denne fagutdanninga kan du få jobb innanfor ei rekke yrke der ein arbeider med data og digitale uttrykk. Dette kan vera på IT-sida som IT-utviklar eller IT-driftsteknikar. Du kan også arbeide innanfor innhaldsproduksjon som mediedesignar, mediateknikar, medieprodusent eller hjå andre verksemder som har ein marknadsavdeling eller fokus på produksjon av innhald.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for informasjonsteknologi og medieproduksjon i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.