

Omega 365 Design er eit lokalt og unikt kommunikasjonsbyrå. Jobben vår er å skape positiv merksemd rundt kundane våre, og deira varer.




Me følgjer kundane våre heile vegen frå strategi til operativt kommunikasjonsarbeid.
Som eit fullverdig reklamebyrå kan me tilby alle type tenester innan design og kommunikasjon. Folk som jobbar hos oss har ulik bakgrunn og utdanning. Yrke du finn hjå oss er blant anna grafisk designar, journalist, kommunikasjonsrådgjevar, web-utviklar, prosjektleiar, filmfotograf, filmjournalist, marknadsførar, systemutviklar og UX-designar.
Omega 365 Design har hovudkontor i Ølensvåg i Vindafjord, i tillegg til avdelingskontor på Sand, i Sauda og Stavanger.
All kommunikasjon som skal ha effekt, startar med rådgjeving. Kva, når og korleis du seier noko, er avgjerande for om du når måla du har sett deg.
Eksempel på leveransar:
Godt design handlar både om brukarvennlegheit og kva verdiar det kommuniserer. For dei som treng ei betre nettside, er me opptatt av at sida skal passa drifta på sikt, at bedrifta skal vera søkbar og at sida skal oppfylla krav til universell utforming. For alle typar trykksaker, om det er turkart eller plakat, er me opptatt av at bodskapen skal vera leseleg, i tillegg til ein tydeleg visuell identitet.
Eksempel på leveransar:
Me leverer alle sjangrar frå reklame til det redaksjonelle, på begge målformer. Nokon ønskjer det ferdigtygd, andre vil ha tilbakemelding på det dei har skrive sjølv – og me gjer begge delar.
Eksempel på leveransar:
Mange ønskjer å fortelja om bedrifta eller aktøren sitt samfunnsoppdrag. Andre vil nå breiare ut med rekruttering, og treng ei redaksjonell sak i tillegg til annonsetekst. Uansett kan me tilpassa historia til det formatet ein ønskjer, anten det er tekst, bilete, reels på sosiale medium – eller ein lengre, forteljande film.
Eksempel på leveransar:
Mange av kundane har behov for profileringsartiklar som gjer at dei viser igjen i marknaden. Kva type artiklar ein treng, spørs ofte på bransje – og uansett får me det gjort.
Eksempel på leveransar:
Me fyller gjerne roller som trengst til ulike arrangement. Det kan vera konferansier, intervjuar i bokbad eller ordstyrar i panelsamtale. På scenar med høgare temperatur, styrer me gjerne ordet som debattleiar. Me har dessutan lang erfaring med kurs og føredrag, om for eksempel medietrening, sosiale medium eller berekraft. For aktørar som skal i gang med podkast, hjelper me gjerne til i programleiarrolla.
Har du lyst på ein karriere innan design, media -eller kommunikasjon? Ta ein prat med oss i Omega 365 Design så finn me kanskje noko som kan passe for deg.

