YUM:2021 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering; John Asle Hansen
Bilde kreditering;

Naturbruk

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er naturbruk?

Naturbruk passar for deg som ønskjer ei fagutdanning der arbeid med og i naturen står i sentrum. Du må vera praktisk anlagt, interessert i arbeid utadørs og ha omsorg for menneske, dyr og miljø. Innanfor dette fagfeltet vil du lære om korleis naturen er sett saman, der du får innsikt i naturmateriale, landskapsutforming, planteliv, naturprosessar og biologisk produksjon. Du vil også lære om dyrestell, dyrevelferd, fiske- og friluftsliv.

Kva kan du arbeide innanfor?

Naturbruk er vegen for deg som ønskjer å jobbe innanfor landbruk og havbruk. Med denne utdanninga kan du få jobb som gartner og agronom, skogsoperatør, hovslanger, heste- og dyrefaglært, fagarbeidar i reinsfaget og fiskar eller fagarbeidar i akvakultur.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for naturbruk i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.