YUM:2022 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Bondelaget Suldal Bondelag er bøndene i Suldal sin fagorganisasjon.

Bildekreditering Anne Lise Norheim - Skattkammeret

Suldal og Sauda bondelag

Bondelaget Suldal Bondelag er bøndene i Suldal sin fagorganisasjon. Me har 161 medlemmer som er aktive bønder. I tillegg er ein del andre personar støttemedlemmer i organisasjonen vår. Bondelaget er eit viktig bindeledd mellom den einskilde bonde og staten. Me ynskjer å leggja til rette for at så mange som ynskjer det skal få tilbod om praksisplass i landbruket.

Arbeidsområde

Arbeid på ein gard passar godt for deg som er glad i fysisk arbeid. Gjennom stell og foring får ein også god kontakt med dyr. For å trivast er det viktig at du likar å ha kontakt med dyr. I fjøset er ingen arbeidsdag lik, enkelte dagar kan du kanskje få oppleve ei kalving?

AT Skog SA

Du møter også AT Skog på Yrkes og Utdanningsmessa som representerer skogbruksnæringinga i Ryfylke. AT Skog SA er ein medlemsorganisasjon som har som formål å arbeide for medlemmene sine økonomiske interesser knytt til deira skogeiendom ved å:

  • Tilby skog- og utmarkstenester, samt faglig rettleiing.
  • Arbeide for auka bruk av skog-, utmarks- og treprodukter.
  • Stimulere til næringsutvikling og ved medlemsengasjement sikre innflytelse og avkastning i skogindustri og andre tilknyttede verdikjeder.

Du treff AT Skog  på standen til Suldal Sauda Bondelag. Les meir om dei her: https://www.atskog.no/      

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Johannes Fattnes
mob.
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@suldalvekst.no