YUM:2021 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Bilde kreditering; Strand VGS
Bilde kreditering;

Salg, service og reiseliv

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er salg, service og reiseliv?

Likar du å arbeide med menneske, yte service og  jobbe med reiseliv eller varehandel? Då er ein karriere innan sal, service og reiseliv det rette valet for deg! Framtidas næringsliv etterspør gode fagarbeidarar og dette utdanningsprogrammet fører fram til yrker i et bredt spekter innanfor servicebransjen. Sal, service og reiseliv gir deg kompetanse i forretningsdrift, entreprenørskap og samhandling med et mangfald av menneske.

Kva kan eg arbeida innanfor?

 Med ei utdanning innanfor salg, service og reiseliv har du ein god bakgrunn for å ta ei rekke jobbar der ein er i møte med menneske for å yte service. Dette kan mellom anna vera på hoteller, i ei reiselivsbedrift, i butikkar, i større verksomheiter og flyplassar. Ein kan også nytte denne bakgrunnen til å arbeide i eiga verksemd.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for salg, service og reiseliv i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.