YUM:2021 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

RYTOPP er eit servicekontor for lærlingar og medlemsbedrifter, og følgjer lærlingen gjennom heile læreløpet.

RYTOPP

RYTOPP er opplæringskontoret i Ryfylke, og har ca 90 lærebedrifter som er tilknytt oss. Medlemsbedriftene våre har base i Ryfylke og tilbyr læreplassar i ulike fag, for eksempel innan helse- og oppvekstfag, bygg- og anleggsteknikk, teknologi og industrifag, sal, service og reiseliv m. fl.

RYTOPP er eit servicekontor for lærlingar og medlemsbedrifter, og følgjer lærlingen gjennom heile læreløpet. Dette inneber mellom anna at me passar på at lærlingen får:
* Signert avtale om læreplass
* Godkjent lærekontrakt
* Delta på oppstartskurs med informasjon om plikter og rettigheiter
* Opplæring i samsvar med læreplan
* Tilgang til loggsystem/ læreplan og lærlingoppgåver på nett
* Oppfølging og rettleiing
* Vurderingssamtalar, munnlege og skriftlege tilbakemeldingar
* Delta på lærlingsamlingar, workshops og fagdagar
* Blir oppmeldt og forberedt til fag/ svenneprøve

Som servicekontor for medlemsbedriftene tek me oss mellom anna av:
* At bedrifta blir godkjent som lærebedrift
* Inngår lærekontrakt med lærling
* Kontakten med Rogaland fylkeskommune som angår lærlingen
* Har system som kvalitetssikrar opplæringa
* Instruktørkurs for instruktør og fagleg leiar
* Oppfølging og kvalitetssikring av opplæringa, herunder lærlingbesøk og vurderingssamtalar
* Bistår ved ev endringar, konfliktar, omplassering, heving osv

I tillegg er RYTOPP aktive med tanke på yrkesorientering, og me deltek på elev- og foreldremøte både i grunnskulen og på vgs, på yrkesmesser, klassebesøk, stands osv.

Ta kontakt med oss dersom du er interessert i medlemskap eller har spørsmål til yrkesfag, læreplassar osv.

Me er alltid på jakt etter nye, stødige og gode lærebedrifter i Ryfylke!

Kva inneber det å vere lærling?  

Vanlegvis tek det fire år å oppnå fagbrev: dei to første åra går du på vidaregåande skule og dei to siste åra jobbar du som lærling i bedrift.

Bedrifta skal vere godkjent som lærebedrift, og ha utstyr og aktivitet som dekker læreplanen i faget ditt.
I tillegg skal bedrifta ha fagleg leiar og instruktør som skal ha oppfølging av lærlingen.

Å vere lærling betyr altså at du får både opplæring og praksis i eit fag og du utdannar deg til yrket ved å jobbe i bedrifta.

I starten av læretida går mykje av tida med til opplæring, men etterkvart deltek du meir og meir i dei daglege arbeidsoppgåvene på arbeidsplassen. Samtidig som du lærer faget i praksis må du og jobbe med teorien i faget, skrive lærlingoppgåver og trene på å koble teoretisk kunnskap med praktisk utføring.

Som tilsett i bedrifta har du dei samme pliktene og rettighetene som dei andre i bedrifta. Dette gjeld for eksempel taushetsplikt, ferie, oppmøte, fråvær, HMS-reglar, lojalitet osv. I tillegg har lærling rett på opplæring etter læreplanen i faget.

Du får lønn i læretida. Bedriftene har ulike lønnssystem, og ulike bransjar har ulike lønnstariffar. Det betyr at og lærlinglønna vil variere. Som tommelfingerregel får lærling utbetalt ei årslønn i løpet av læretida. Utgangspunktet er nyutdanna fagarbeidar. Det er vanleg at lærlinglønna startar lågt, for eksempel 30% av fagarbeidarlønn, og stig kvart halvår, til 80% av fagarbeidarlønn det siste halvåret.  

Læretida blir avslutta med fagprøve. Under fagprøven skal du vise at du kan planlegge, utføre, dokumentere og vurdere ulike arbeidsoppgåver og at du har både teoretisk og praktisk kompetanse i faget. Du skal vise at du kan jobbe sjølvstendig og ta eigne valg, at du har rett kvalitet på arbeidet og kan ta hensyn til HMS osv.

Å utdanne seg via lærlingordninga er eit godt val for deg som vil lære ting i praksis i tillegg til å lese om det.

10 gode grunnar til å søke yrkesfag

Trykk her for å lese våre 10 gode grunnar til å velje yrkesfag som utdanningsretning.

10 gode råd for å få læreplass

Trykk her for å lese våre 10 gode råd for å få læreplass.

100 ledige læreplassar i Ryfylke i 2021

Trykk her for å sjå ledige læreplassar i Ryfylke.

Bli med på konkurransen vår på

Facebook og Instagram!

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto. RYTOPP, Jarle Lunde/Suldal Foto, Fotograf Nordtveit

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Bente Kjos-Wenjum
mob.
47231735

Bente Kjos-Wenjum / Hans Sæter

Mob: 47231735 / 95765453

E-post: bkw@rytopp.no/ hs@rytopp.no

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.