YUM:2023 / UTSTILLARAR

Bord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Helgevold
Bilde kreditering;

Elektro og datateknologi

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er elektro og datateknologi?

Elektro og datateknologi omfattar system for produksjon og distribusjon av elektrisk energi, system for tele- og data kommunikasjon og ei rekke elektriske apparat. Høyrest det interessant ut er dette utdanningsvegen å velja for deg. Du bør vera ein systematikar, nøyaktig og ha ein logisk tenkjemåte, samstundes som du er kreativ, praktisk anlagt, ha godt handlag og vera serviceinnstilt. Det krevst at du har eit godt fargesyn.

Kva kan eg arbeida med?

Med ei slik utdanning kan du få arbeid innanfor eit breitt spekter av arbeidsfelt, både offentleg og privat. Dette kan vera innanfor mekaniske yrke, industri-, data-,  fly- eller oljebransjen, prosess- eller elektronikkindustrien.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse, med eller utan fag - eller svennebrev. Når du er ferdig med yrkesfagleg opplæring har du følgjande val:

  • Du kan gå ut i arbeid.
  • Du kan søke opptak til enkelte utdanningsinstitusjonar. Y-vegsstudier er tilpassa deg som har relevant fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse, men manglar generell studiekompetanse.
  • Du kan søke VG3 eller VG4 påbygg for å få generell studiekompetanse.
  • Du kan søke deg inn på fagskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for elektro og datateknologi i regionen vår.

Haugaland og Sunnhordland Opplæringskontor

Sjå fleire bedrifter og utdanningsmoglegheiter ved å klikke inn på namna nedanfor.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no