YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Den gode skulen i indre Ryfylke.

Bilde av Sauda VGS
Foto: Sauda VGS

Sauda vidaregåande skule: Elektro og datateknologi

Om skulen

Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med både yrkesfaglegeog studieførebuande utdanningsprogram som er lokalisert på tre ulike avdelingar. Hovudskulen ligg på Lofthus i Sauda, og i tillegg har me avdelingar på Birkeland i Sauda og på Sand. Skulen har undervisningstilbod innan: studiespesialisering, idrettsfag, bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, teknologi- og industrifag, helse- og oppvekstfag samt det relativt ferske tilbodet «yrkes- og studiekompetanse» innanfor industri- og teknologifag (YSK).

Me har tilbod om

VG1    ELEKTRO OG DATATEKNOLOGI
VG2    ELENERGI OG EKOM
VG2    INDUSTRITEKNOLOGI (Kryssløp)

Undervisninga på avdeling for elektrofag er lokalisert på hovudskulen på Lofthus i Sauda. Elevane har fleire lengre periodar med praksis i lokale bedrifter i Sauda og Suldal, og skulen har eit tett samarbeid med det lokale næringslivet. For berre få år sidan opplevde fleire å ikkje få læreplass innanfor elektrofag, då det blei ei nedgang i etterspurnaden etter desse. Dette har snudd, og næringslivet lokalt rapporterer nå at dei treng fleire lærlingar innanfor elektrofaget. I år har me nesten fulle klassar på avdelinga, der det er plass til 15 elevar på kvart trinn.  Elevar som har fullført vg1 elektro og datateknologi kan også søke seg til vg2 industriteknologi, som eigentleg er eit tilbod innanfor teknologi- og industrifag.

Å vere elev ved Sauda vgs

Sauda vidaregåande skule har årleg mellom 400-450 elevar. Av desse kjem over 50 % frå andre kommunar enn Sauda og Suldal. Me har med andre ord mange elevar som bur på hybel, og me gjer mykje for at elevane skal ha eit godt tilbod også etter skuletid. Me arrangerer leksehjelp, idrettsaktivitetar i Saudahallen, kveldskafé på Alfred med eit varmt måltid, mekkekveld og i vintersesongen har me tilbod om skyss til og frå Sauda skisenter for dei som vil stå på ski. I skuletida arrangerer me i periodar ulike formar for turneringar i til dømes biljard, bordtennis og golfsimulator. Skulen har eige musikkrom som elevane kan bruke, og lærarkrefter er med på å drifte skuleband. Dette året har sjølvsagt ikkje alle aktivitetar kunne gått som ønska heile tida, men me håper og trur at det meste er oppe og går igjen når hausten kjem. For dei elevane som kjem flyttande til Sauda har me tilbod om eigen elevbustad som elevane kan søke om å få leige hybel i. Her får elevane frukost fire dagar i veka og dagleg tilsyn. Me har også eigen vakttelefon som kan brukast døgnet rundt. Skulen er elles behjelpelege med å skaffe hybel til dei som treng det, og me har liste over privathyblar i Sauda som dei som vil får tilgang til. Elevar på ToppVolley Norge leiger hybel på eigne internat og får servert alle måltid der.

Skulen som arbeidsplass

Skulen har over 100 tilsette. Dette gjer skulen til ein av dei større arbeidsgivaren i regionen vår, og me har stadig behov for nye medarbeidarar innanfor ulike fagfelt. Skulen har sjølvsagt mange tilsette som er lærarar, både innanfor filologiske fag og ulike yrkesfag. Her er det nye tilsetjingar så å seie kvart einaste år, og me har stadig behov for ny kompetanse. I tillegg har skulen tilsette som har arbeidsoppgåver innanfor administrasjon, lønn, drift, kantine og reinhald.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto: Sauda VGS, Per Inge Fjellheim.

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Lillian Nordengen
mob.

VOKSNE

Kristin Bruknapp

[email protected]

UNGDOM

Lillian Nordengen

[email protected]

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: [email protected]
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.