YUM:2022 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Kompetanseheving lokalt i Sauda og Suldal

Kompetanse for vaksne

Kompetanse for vaksne ved Sauda vidaregåande skule tilbyr og legg til rette for rådgiving, kurs/sertifisering, vidaregåande opplæring, fagskule og høgare utdanning. Målet er at dei ulike tilboda skal vere moglege å kombinere med arbeid- og familieliv. Det er kompetansebehovet frå enkelt personar og arbeidslivet som bestem kva tilbod som startar. Me skreddarsyr ut frå ditt behov.

Treng du kompetanseheving? Ta kontakt med Kristin Bruknapp eller les meir om ulike moglegheiter på heimesida vår.

Eit døme

Hanna Katharina Hurme bur i dag på Sand og arbeider som helsefagarbeidar ved Suldal kommune. Dette året tek ho norsk og matematikk samlingsbasert ved Kompetanse for vaksne for å kvalifisere seg tilsjukepleien som startar desentralisert i indre Ryfylke hausten 2022.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Bilete: Kristin Bruknapp, Anne Vikeså, Hans Helge Saltvik, Judith Sørhus Litlehamar

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@suldalvekst.no