Hydro er eit leiande industriselskap som ønskjer å bidra til ei bærekraftig framtid.
Hydro Energi har meir enn 100 års erfaring frå produksjon av fornybar energi. I dag er me blant dei største vannkraftprodusentane i Noreg og ein betydeleg marknadsaktør i Norden og Brasil. Me er ansvarlege for å utvikla nye forretningsmoglegheiter for Hydro innan alle former for fornybar energi, og me støttar alle Hydro sine forretningsområde innan kontraktar, forsyningssikkerheit og rammevilkår for energi.
Forretningsområdet Hydro Energi har tre hovudoppgåver: Å produsera elektrisk kraft på ein effektiv og marknadsoptimalisert måte; å hjelpa resten av det globale Hydrosystemet med å skaffa kostnadseffektive energiløysingar; og å driva fram nye forretnings mogelegheiter for Hydro knytt til energiteknologi.
Helse, miljø og tryggleik er vår viktigaste prioritet. Me arbeider hardt for ein skadefri arbeidsplass med minst mogeleg negativ påverknad av miljøet rundt oss gjennom kontinuerleg betring av alle våre aktivitetar og prosessar.
Hydro Energi har operatørskap for 40 vannkraftverk og ein vindpark i Noreg, med total produksjon på 14 TWh. Kraftverka ligg i områda Røldal-Suldal, Sogn, Telemark, Vennesla, Stavanger og ein vindpark på Tonstad. Anlegga i Røldal-Suldal er, saman med anlegga i Stavanger, eigd av Lyse Kraft DA som er Noregs 3. største produksjonsselskap med ein årleg kraftproduksjonskapasitet på 9,5 TWh. Lyse eig 74,4% og Hydro 25,6%.
Tradisjon, kraft og kunnskap kjenneteiknaranlegga våre. Omtanke, mot og samarbeid er vår måte å arbeide på.