YUM:2023 / UTSTILLARAR

Jente som syr på symaskinBord med laptop, glass vann og bøker
Foto: Bergland VGS
Bilde kreditering;

Kunst, design og arkitektur

Her finn du oversikt over alle utstillarar i valt studie- og fagfelt.
Velg utstillar i oversikten under for å gå til utstillar-sida.

Kva er kunst, design og arkitektur?

Er du kreativ, liker å jobbe med henda, interessert i å skape noko, teikna  og har estetisk sans? Er du opptatt av kunst og kultur, lurer på korleis stader og byar utviklast og korleis ulike materialet blir brukt til å skape gjenstandar? Då kan kunst, design og arkitektur vera utdanningsprogrammet for deg. Her får moglegheit til å utforske og skape samstundes som du jobbar med teoretiske fag.

Kva kan eg arbeida med?

Med utdanning innanfor kunst, design og arkitektur og fullført høgare utdanning kan du få jobb innanfor ei rekke yrke der ein arbeider med teikning, planlegging og estetikk. Du kan arbeide ved eit arkitektkontor, entreprenørfirma, produksjonbedrift, designbyrå, museum, galleri eller kunstatelier.

Kva moglegheiter har eg etter fullført utdanning?

Dette er eit studieførebuande program som gir generell studiekompetanse når det er bestått. Det tar normalt tre år og kvalifiserer til høgare utdanning på universitet og høgskule.

Kva moglegheiter finn eg i Ryfylke?

Nedanfor finn du ei oversikt over aktuelle utdanningsval og arbeidsplasser relevante for kunst, design og arkitektur i regionen vår.

Alle studie- og fagfelt

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no