YUM:2025 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Hjå oss kan du jobbe med bygningsvern, folkemusikk, tradisjonshandtverk - og mykje meir!

Ryfylkemuseet

Ryfylkemuseet – ei samfunnskraft i tida

På Ryfylkemuseet tek me vare på historia frå Suldal og Sauda i nord til Rennesøy, Finnøy og Kvitsøy i sør – og gjer ho levande i dag. Her finst folk som forskar, byggjer, dansar, spelar, designar og fortel. Nokre har fagbrev, andre mastergrad. Nokre jobbar ute med øks og høvel, andre inne med lydopptak, foto og tekst.

Felles for oss alle er at me brukar historia til å skapa noko nytt – til inspirasjon, læring og fellesskap. På Ryfylkemuseet handlar det ikkje berre om å ta vare på fortida, men om å forma framtida.

Tradisjonshandverk – med historia i hendene

Hammar, øks og sag er like viktige som penn og PC hjå oss. Ryfylkemuseet har nærare åtti kulturhistoriske bygg som treng folk som kan – og vil læra – tradisjonshandverk. Her lærer ein ikkje berre å byggja, men å lesa spora etter dei som bygde før deg. Museet er med å vidareføra kunnskap som nesten har gått tapt og samstundes skapa noko ekte og varig.

Me er godkjent opplæringsbedrift for lærlingar i tømrarfaget og samarbeider med vidaregåande skular om praksis og opplæring. Tradisjonshandverk kan du ikkje lesa deg til, du må gjera det.

Har du sans for material, verktøy og skaparglede – eller likar du berre å sjå resultatet av eige arbeid? Då kan tradisjonshandverk vera vegen inn i museet, og inn i framtida.

Folkemusikk, dans og formidling – gje historia vidare

Ryfylkemuseet er meir enn gamle hus. Me er også lyd, rørsle og forteljing. Me tek vare på  folkemusikk- og dansetradisjonen i Rogaland, alt frå slåttar og viser til film og lydopptak. Samstundes held me arven levande gjennom konsertar, kurs og møte mellom gamle og nye uttrykk.

Formidling handlar om å fortelja historia på nye måtar, gjennom utstillingar, arrangement, undervisning og kreative prosjekt. Me møter barn, ungdom, studentar og vaksne, både på musea, i skulane og ute i landskapet.

Likar du å uttrykkja deg, fortelja, formidla eller skapa noko som engasjerer andre? Då kan du vera den neste som held historia levande – med stemma, kroppen eller kameraet.

Arkiv, samlingar og kontor – bevar, organiser og bygg fellesskap

Bak kulissane ligg skattane: tusenvis av gjenstandar, foto, dokument og lydopptak. Desse historiske kjeldene blir registrerte, digitaliserte og gjorde tilgjengelege for framtida. Her trengst folk som er systematiske, nysgjerrige og har sans for detaljar, menneske som likar å dykka ned i historia for å trekkja fram kunnskap og forteljingar.

Men me treng òg dei som får hjula til å gå rundt: dei som held orden på økonomi, planlegg arrangement, tek imot besøkande, driv butikk, held det reint og tek vare på folk. Museet er fullt av ulike oppgåver og roller, og alle bidreg til å gjera Ryfylkemuseet til ein open og levande møteplass for alle.

Bli med – bli ei samfunnskraft i tida

På Ryfylkemuseet finn du mange vegar inn – frå handverk til historie, frå dans til data. Uansett bakgrunn treng me folk som er engasjerte, nysgjerrige og vil bruka eigne talent til å byggja framtida gjennom fortida.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Bilete: Lise Bjelland, Elisabeth Bjørkhaug

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Ida Nerheim
Museumspedagog
mob.
91900495
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Arbeidet er støtta av Ryfylkefondet.
Ryfylkefondet
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.