YUM:2021 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Godkjent lærebedrift i følgjande fag; fjell og bergverk anleggsmaskinførar kjemiprosess elektro anleggsmaskin/industri mekanikar

Norsk Stein

Norsk Stein AS har Europas største anlegg for produksjon av tilslag til asfalt og betong, vegbygging og offshore konstruksjonar. Samla produksjon er opp mot 15 millionar tonn steinmaterial kvart år. 99% av dette eksporterast til Europa, hovudsakleg med eigne skip. I produksjonen fokuserer me på dei høgaste sikkerheitsstandardane for å sikra kvaliteten på produkta, og framfor alt sikkerheita til våre tilsette.

På Norsk Stein står fokuset på miljøet sterkt, og me produserer så berekraftig som mogleg. Alle avdelingar har utarbeida planar for etterbruk eller tilbakeføring, i tillegg til at det utviklast planar for handtering av biologisk mangfald både i driftsperioden, og når drifta avsluttast.

Norsk Stein er lokalisert i Suldal-, Strand-, Gjesdal- og Larvik kommune. Avdeling Jelsa i Suldal kommune er Europas største produsent av tilslag, og produserer aleine opp mot 12 millionar tonn årleg. Me er 190 tilsette, i tillegg til 12 lærlingar, 4 YSK-elevar og 3 Traineear. Me har ein ny og moderande maskinpark med anleggsmaskiner frå 0,5 tonn til 120 tonn av merke CAT, Komatsu, Volvo og Hitachi.

Norsk Stein er godkjend lærebedrift i følgjande fag:

  • fjell- og bergverk,
  • anleggsmaskinførar,
  • kjemiprosess,    
  • elektro,    
  • anleggsmaskinmekanikar,    
  • industrimekanikar    

I tillegg har me YSK-plasser i faga kjemiprosess og industrimekanikar.


Norsk Stein som arbeidsgivar kan tilby

  • Gode personalforsikringar — Norsk Stein har personalforsikringar som er langt betre enn det som er lovpålagt for våre tilsette.
  • Sjukepengar - Dei tilsette mottar lønn frå arbeidsgivar ut over arbeidsgivarperioden.
  • AFP-bedrift - Avtalefesta pensjon - er ein tariffbasert pensjonsordning. Det vil sei at AFP er ein pensjonsordning som bare omfattar dei som jobbar i bedrifter     med tariffavtaler der AFP inngår, noko Norsk Stein har.
  • God pensjonsordning (Storebrand) - Ein viktig del av personal-godane i Norsk Stein er pensjonsordninga. Hjå Norsk Stein har me innskuddspensjonsordning på 4,7 % og som er betre enn minstekravet.
  • Velferdsordning - eigenandel på kr. 100,- pr. md. Dersom du ønskjer å vera med på sosiale arrangement som Velferda arrangerer. 
  • Kantineordning - god mat i felles kantina med salatbar, fersk og godt pålegg og brød, og varmrett på fredagane.
  • Tilbod om pendlarrom/husrom på Jelsa for dei som har meir enn 60 minuttar køyring frå Norsk Stein til heimen sin.
  • Deler av medlemskap på treningssenter/symjehall over heile landet refunderes, dersom du trenar meir enn 30/50 gonger pr. år.

Bli med på konkurransen vår på

Facebook og Instagram!

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med denne nettsida er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du få presentasjonar frå fleire spanande arbeidsplasser, du vil  høyre frå andre unge ryfylkingar om kva val dei har tatt, du vil få moglegheit til å stille spørsmål du sit på og du vil få informasjon om korleis du får mest mogleg utav denne portalen. I 2021 blir utdanningsmessa arrangert digitalt.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.