YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Azets er nordens ledande aktør på regnskap og lønn, og fokuserer i tillegg på tenestar innan rådgiving, rekruttering og heilhetlige IT-løysingar.

Foto; Azets

Azets

Azets er Nordens ledande aktør på regnskap og lønn, og fokuserer i tillegg på tenestar innan rådgiving, rekruttering og heilhetlige, komplette IT-løysingar.

Azets treng tilgong på autorisert personell innan regnskap og lønn samt til personar med stor breidde i sin kunnskap, gjerne kombinert med solide nettverk i næringslivet dei er ein del av.

Velger du å arbeida i Azets vil du bli med på ei spennande reisa innan effektiv omstilling, høg grad av digitalisering og eit sterkt kundefokus.

Azets driv si verksemd i heile landet og har i dag kontorer heile 52 stader i Norge. Avdelinga i Sauda har sitt primære nedslagsfelt i Sauda og Suldal, i tillegg til si satsing mot Haugalandet. Avdelinga tel i dag 3 tilsette og er styrt frå regionkontoret i Stavanger.

Autorisert lønns- og regnskapspersonell, IT-personell, personar med gode nettverk, salgspersonell og gode rådgiverar er etterspurt hjå oss i Azets.

Er du ein av oss i framtida?

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto; Azets

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Inge Løyning
Senior Advisor
mob.
+47 416 05 642
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no