YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Lundeneset VGS er ein kristen vidaregåande internatskule i Ølensvåg med om lag 190 elevar, der om lag 180 bur på internatet.

Lundeneset vidaregåande skule

Lundeneset VGS er ein kristen vidaregåande internatskule i Ølensvåg med om lag 190 elevar, der om lag 180 av desse bur på internatet på skulen.

Linjer

-         Studiespesialisering – treårig linje

-         IT og medieproduksjon – yrkesfagleg toårig linje

-         Sal, service og reiseliv – yrkesfagelg toårig linje

-         Påbygg for generell studiekompetanse

Velkommen til å besøke skolen vår på besøkshelg 2.-4. februar 2024. Se mer her.

Sosialt på topp

Lundeneset er mest kjende for det gode miljøet der folk trivest og kan vere seg sjølv, og der «alle er med alle» på tvers av linjer og klassar. På grunn av dette er det også i helgene som regel mellom 100-150 elevar att på skulen.

Miljøarbeidarane og russen arrangerer ofte aktiviteter, som grip mikrofonen, talentkveld, cupar, LVS Premiere Leauge, og anna gøy i helgene. Søk gjerne opp Lundenesrussen på youtube, så finn du nokre eksempel!

Fagleg på topp

Sjølv om det er det gode sosiale miljøet og stemninga som gjer at folk vel oss, er vi også heilt i toppen når det kjem til det faglege. Visste du at Lundeneset VGS ilag med Sauda VGS er aller best i Rogaland i å heve karakterane på elevane, frå dei startar hjå oss til dei er ferdige med vidaregåande?

Kristen skule

Skulen er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og byggjer på dei bibelske verdiane, og trua på at vi alle er skapte av Gud, høgt elska og med ein uendeleg verdi. Dette kjem tydeleg til utrykk, også gjennom morgonandaktar og kristendomfaget på eit par timar i veka.Sjølv om skulen står støtt på det kristne grunnlaget, er du meir enn hjarteleg velkomen til å gå på skulen vår akkurat som du er. På Lundeneset fortel elevane om eit raust miljø, kor ein kan tørre å vere seg sjølv, med si tvil eller tru eller anna livssyn. Det er også frivillige tilbud som bibelgrupper, torsdagsmøter og anna, som er populært hjå oss.

Pris

Det kostar litt å gå på skulen. Etter bortebuarstipend kostar det om lag 4500 kr per månad å gå hjå oss. Det dekkjer mat, rom, skuleturar, bøker, etc. Det er mogleg å søkje lånekassen om ytterlegare stipend om du kjem frå ein familie med spesielt svak økonomi. Sjølv om det kostar litt ser dei fleste på dette som ein invistering for livet. Opplevinga av å gå på ein internatskuleminner også litt om folkehøgskule, så det kan jo vere greit å ta med i vurderinga.

Søknadsfrist 1. mars

For å søkje på skuleplass hjå oss søkjer du på nettsida vår og på vigo.no. Du må søkje på begge plassar. Du søkjer med julekarakterane, så du får svar ganske kjapt etter søknadsfristen er omme – deilig å sleppe å bite negler heile våren og sommaren. Og du lurer kanskje på snittet for å koma inn? Vi har utvida internata våre, så dei siste åra har vi klart å ta inn så godt som alle som har søkt!

 

Velkomen til Lundeneset!

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Lundeneset VGS
mob.
53775100

Lundanesvegen 37

5582 ØLENSVÅG

Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no