YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Der er mange spennande jobbar i Den Norske Kyrkja.

kyrkje
Foto: Den Norske Kyrkja
Toralf V Ladstein
Sokneprest, Jelsa og Erfjord
mob.
97195094

Den Norske Kyrkja

Der er mange spennande jobbar i Den Norske. Kyrkja. Mange av jobbane handlar i stor grad om kontakt med menneske. Men der er og mange som jobbar med administrasjon og rekneskap, som anleggsgartnar på gravlundar, eller med musikk. Dei fleste stadene er der nokså små stabar, det gjer at me vert godt kjende, og har mykje kontakt i kvardagen. Kyrkja er tilstades i glede og sorg, alt frå babysong, konfirmasjon, formiddagstreff foreldre, jul og begavelsar.

Yrker  i kyrkja

Organisten eller Kantor er musikalsk ansvarleg for kyrkjelyden. Han speler på gudstenestar, øver med solistar eller band, dirigerer kor og speler på institusjon.

Presten har eit overordna ansvar for kyrkjelyden. Han har hovudansvar for gudstenesta, er med på barne/ungdomsarbeidet, har samtale med dei som skal gifta seg, ha dåp eller familien til ein som er gått bort. Presten formidlar bodskapen i Bibelen, og møter folk i alle slags situasjonar. Du må vera glad i menneske for å kunne vera prest.

Diakonen er ansvarleg for kyrkja si omsorgsteneste. Nokre diakonar arrangerer formiddagstreff og andre sosiale arrangement for vaksne og eldre. Andre jobbar mest med ungdom. Diakonen organiserer gjerne kyrkja si besøksteneste, har andakt på institusjonar, og har samtalar med folk som ønsker det.

Trusopplærar eller kateket har ansvar for kyrkja si undervisningsteneste. Dei har gjerne babysong, barneklubb, lys våken og har ansvar for konfirmantane saman med presten. Likar du å jobbe med barn og ungdom, er kateket eller trus-opplærar. noko for deg! Forskjellen mellom dei er at Kateketen har ein mastergrad med pedagogikk særleg inn mot kyrkjelege undervisning.

Administrative, økonomiske og leiarstillingar finst det fleire av i kyrkja. Kyrkjeverje er ein av dei. Det er sjefen på kontoret. Då har du leiaransvar for dei andre, utanom presten. Du har ansvar for økonomien, kyrkjebygga og kyrkjegardane. Du sit mest på kontoret og ”dreg i trådane”, får folk til å fikse ting, fører rekneskap, har medarbeidarsamtalar og mykje meir. Ein viktig stilling i kyrkja.

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...
Foto: Den Norske Kyrkja

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Toralf V Ladstein
Sokneprest, Jelsa og Erfjord
mob.
97195094
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no