YUM:2022 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Suldal Hyttebygg vart etablert i 2003 og har hovudkontor på Sand i Ryfylke.

Suldal Hyttebygg

Suldal Hyttebygg vart etablert i 2003 og har hovudkontor på Sand i Ryfylke. Me driv med bygging av hytter samt ombygging, påbygg og renovering av både hytter og hus. Ryfylke er vårt primære leveringsområde, og me har sett opp mange hytter på Gullingen i Suldal. Me har og mange oppdrag hytte leveringar i nabofylker.

 

Vår visjon er at me skal vera med å utvikle næringslivet i Suldal og at me skal vera pådrivar for å skape arbeidsplasser i kjølvatnet av vår verksemd. Suldal Hyttebygg har forankra 3 verdiar som går igjen ialle ledd i verksemda vår og det er at me skal ver opne, lojale og ærlege. Dette gjeld særleg i vår relasjon med kunder, men også internt mellom tilsette og i samarbeidet vårt med leverandørar. Som eit resultat av vårt arbeid med å leve opp til vår visjon og våre verdiar vart Suldal Hyttebygg kåra til Årets Suldalsbedrift i 2017 og dette er me svært stolte av. I grunngjevinga for kåringa vart vårt miljøansvar framheva. Fokuset vårt på miljø har auka deisiste åra og i 2020 vart me sertifisert som miljøfyrtårnbedrift.

Suldal Hyttebygg AS har pr. i dag 15 tilsette. Det er tilsett personar innafor mange fagfelt bla. tømrar, produksjonsmedarbeidar ,byggjeleiar, bygningsingeniør, sal, rekneskap m.m. Behovet for dyktige tømrerar er stort i vår bransje og Suldal Hyttebygg har høgt fokus på å tilby læreplasser innafor tømrarfaget. Me søkjer til ei kvar tid etter lærevilligungdom som ynskjer seg ei karriere innafor byggfag. Etter avslutta læretid og bestått fagprøve vil ein ha fagbrev som tømrar. Dette vil gi deg mulighet til å arbeide både sjølvstendig og i team, ute og inne, heime og borte. Du vil få varierte arbeidsdagar og mulighet til å utvikle deg sjølv og lære nye ting kvardag. Dersom du ynskjer å utdanne deg vidare kan du søkje deg inn på tekniskfagskule og ved fullført utdanning er du kvalifisert for stillingar som byggjeleiar, konstruktør, oppsynsmann og kontrollør, kommuneteknikar, faglærareller til å starte eiga bedrift.

 

Me ynskjer deg som ungdom lykke til i valget av utdanningsretning og me ynskjer deg velkommen som søkjar til lærlingplass hjå oss!

Konkurranse!

I samband med YUM 2022 kan du delta i ei konkurranse på Facebook sida vår. Klikk deg inn her for å delta.

Bli med på konkurransen vår på

Facebook!

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Tor Gunnar Eide
Dagleg leiar
mob.
92693362
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@suldalvekst.no