Me ønskjer deg velkommen til å søka læreplass eller jobb hjå oss i Suldal kommune!
Suldal er ein del av Ryfylkeregionen og ligg nordaust i Rogaland. Det bur om lag 3800 menneske her. Kommunen har eit godt og allsidig tenestetilbod, med mellom anna eit flott kulturhus med kino og bowling, ein sandhall og i desember2019 opna me nytt basseng.
Suldal kommune har om lag 460 tilsette, fordelt på om lag 450 årsverk. I tillegg til dei store arbeidsplassane innan helse og oppvekst, er det mange spanande fagfelt i den kommunale organisasjonen. Alt frå kommunikasjon og informasjon, økonomi og administrasjon, ingeniør og fagarbeidarar, til bygdeutvikling og næringsutvikling. Kommunen er i stadig utvikling. Me er med i fleire interkommunale samarbeid, mellom anna innan digitalisering og tryggleiks- og meistringsteknologi.
Dersom du tek høgare utdanning, håpar me du vurderer Suldal kommune som arbeidsplass. Det kan vere etter du er ferdig utdanna, som praksisplass eller dersom du ønskjer å skriva ei skuleoppgåve i samarbeid med oss. Me har behov for mange ulike yrkesgrupper med høgare utdanning! Suldal kommune har òg stipendordningar for tilsette som ønskjer vidareutdanning.
Me tek inn fleire nye lærlingar kvart år, fordelt på fleire ulike fagområde. Har du eit anna fag, må du gjerne høyra med oss om me kan få til læreplass for deg òg! Det å vera lærling i Suldal kommune vil gi deg ei brei erfaring innan ditt fag. God opplæring, god oppfølging og ikkje minst ein veldig kjekk stad å arbeida.
Tal lærlingar i året: 10 personar.
Målsetjinga er at lærlingane i Suldal kommune skal få ei interessant og spanande læretid ute i einingane våre. Som lærling er du ei verdifullressurs for kommunen.Lærlingar får oppfølging av opplæringskontoret og instruktørar ute på arbeidsplassane. Saman legg me til rette for at du som er lærling får den nødvendige kunnskapen og kompetansen til å gå opp til fagprøve i faget ditt.
I Suldal kommune ønskjer me os stilsette som har rom for alle, men blikket for den enkelte. Me har eit ønskje om utvikling og å skapa kompetente og gode medarbeidarar, for å kunne forsetja å laga gode tenester for innbyggarane våre.
Me ønskjer deg velkommen til å søka læreplass eller jobb hjå oss i Suldal kommune!
Valfag; Mitt yrke - filmar laga av 10. klasse Sand Skule
Kompetanse for vaksne ved Sauda vidaregåande skule tilbyr og legg tilrette for rådgiving, kurs/sertifisering,vidaregåande opplæring, fagskule og høgare utdanning. Målet er at dei ulike tilboda skal vere moglege å kombinere med arbeid- og familieliv. Det er kompetansebehovet frå enkelt personar og arbeidslivet som bestem kva tilbod som startar.
Les meir om kompetanse for vaksne på deira side HER