YUM:2023 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Som rekneskapsførar og rådgjevar hjå oss vil du få moglegheita til å jobba med mange ulike yrker og menneske kvar dag.

Bilde av tilsette
Foto: Suldal økonomi og rådgivning
Lena Thjømøe Steine
Autorisert regnskapsfører
mob.
46537562

Suldal Økonomi og Rådgivning

Teamet vårt består av ein gjeng med 12 tilsette som har brei erfaring frå variert arbeidsliv. Her er dei som har drive eiga bedrift, er bønder eller som til dømes har erfaring frå småkraftverk. Det skal vere triveleg å vere ein del av teamet vårt, både som tilsett og som kunde.

Vil du ha ein variert kvardag?

Som rekneskapsførar og rådgjevar hjå oss vil du få moglegheita til å jobba med mange ulike yrker og menneske kvar dag. Me har ei stor og variert kundegruppe innan mange ulike næringar

Rekneskap handlar sjølvsagt om tal og dokumentasjon. Men det er og spanande bransje som er i stor utvikling, der rådgjeving og kundeoppfølging har eit høgt fokus.

Likar du å bruke digitale verktøy, likar ein sosial kvardag med kundekontakt og kjekke kollegaer så ta ein økonomiutdanning og søk jobb hjå oss!

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Lena Thjømøe Steine
Autorisert regnskapsfører
mob.
46537562
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no