Hjå oss kan ein arbeide som mekanikar, seljar av maskiner, ATV og traktor eller som butikkmedarbeidar.
Møgedal Mek. Verkstad tilbyr verkstadtenester med både godkompetanse og service. Bedrifta har kapasitet til å ta inn det aller meste på verkstaden, frå mindre maskiner som robotklippar, motorsag og kantklippar til ATV, traktor og snøscooter. Våre mekanikarar får varierte oppgåver, og må kunneskru på alt frå motorsager til traktorar og ATV. Møgedal Mek. Verkstad e rogså ei godkjent opplæringsbedrift gjennom BYGGOPP, opplæringskontoret for bygg og anleggsteknikk.
I butikken hjå Møgedal Mek. Verkstad finn ein det meste ein treng til både hus, hytte, hage og gardsdrift. Tradisjonelt sett har Møgedal vore gode på maskiner og reidskaper til landbruket og andre primærnæringar, etterkvart har dei også styrka butikken og tilbodet inn mot hus, hage og hytte.I dag har dei eit variert utval av blant anna robotklipparar, motorsager, klede, vernetilbehør, sko, hagereidskaper med meir.
Møgedal Mekaniske Verkstad er gode på traktor, ATV, snøscooter og landbruksmaskiner. Me sel traktormerka New Holland og Case, og seljarane hjå oss har mykje kompetanse som kunden treng.
Møgedal Mek. Verkstad har lang erfaring og god kompetanse med sal, montering og service på innandørs mekanisering (I-mek). Dette gjeld alt frå foring, innredning og gjødsel i landbruket. Produkta som Møgedal Mek. Verkstad sel og monterer er mesteparten norske produkt frå t.d. leverandørar som Reime og TKS.
Leif Bakka har hatt jobben som dagleg leiar i bedrifta sidan 2007,i dag sysselset Møgedal Mek. Verkstad 7 personar. November 2020 kjøpte Årdal Landbruk aksjane i Møgedal Mek. Verkstad. Kvart år arrangerer me Møgedalsmarknaden med god stemning, handel, folkeliv og god mat.