YUM:2025 / UTSTILLARAR

Velkommen
til vår stand

Sparebanken Norge – Ein lokal bank med nasjonal kraft.

Sparebanken Norge

Sparebanken Norge er ein uavhengig, børsnotert finanskonsern med hovudkontor i Bergen og Kristiansand, samt 68 lokalkontor rundt om i Norge. Banken er bygga rundt sparebankmodellen, ein 200 år gamal idé, som inneberer at kundane våre og samfunnet eig omtrent 60 prosent av banken. Me deler av overskotet vårt med kundane og samfunnet: Kundeutbytte til kundane, og samfunnsutbytte til frivillige og gode prosjekt som bidreg til det grøne skiftet, sikrar inkludering og levande lokalmiljø.

 

Sparebanken Norge som arbeidsgivar vil gjere det me kan for at du skal lykkast i jobben din. Som ansatt er du den viktigaste ressursen for at me skal kunne gi gode råd til kundane våre. Me i Sparebanken Norge har som ambisjon å vere framtidas sparebank. Me ønskjer å gi kundane våre den beste kundeopplevinga, samstundes som me heile tida jobbar for å bidra til eit berekraftig samfunn.

 

Våre arbeidsoppgåver som finansrådgivarar i våre kontor i Ryfylke:

  • Byggje og utvikle relasjonar til våre kundar
  • Sal og rådgiving av kreditt, sparing og plassering, forsikring og andre banktjenester til bankens eksisterende og nye kunder.
  • Utarbeide planar for oppfølging av eigen portefølje
  • Ansvar for lønnsomhet og resultatkrav til eigen portefølje

 

Faglege kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule (finans/økonomi/administrasjon)
  • Interesse for finansielle produkt og tenester og gjerne kredittfagleg kunnskap

 

Personlege kvalifikasjonar:

  • Proaktiv, sjølvstendig, engasjert og fleksibel
  • Kontaktskapande og relasjonsbyggande, både eksternt og internt
  • Har nettverk og kjennskap til lokalmiljøet
  • Trivs i eit hektisk og pulserande miljø
  • Er målretta og strukturert

Bli med på konkurransen vår på

delta her

Galleri

Her får du eit lite innblikk i kva me gjer.
Ingen bilete i galleriet endå...

Vil du vite meir om oss?
Ta gjerne kontakt:

Hans Olav Brustveit
mob.
Følg oss på sosiale medier:

Dette er YUM

Kva skal du bli? Kva utdanning skal du ta? Kvar kjem du til å bu?

Me veit at ein på ungdomsskulen og vidaregåande går rundt med mange spørsmål og tankar rundt framtid og utdanningsval. Målet med YUM er å bidra til å gjera desse vala litt enklare ved å synleggjera kva moglegheiter ein har innanfor utdanningsløp og arbeidsplassar i indre Ryfylke.

Gjennom heile året vil du kunne ta i bruk denne portalen for å finne informasjon om dei ulike arbeidsplassane og yrkesvala som regionen vår kan tilby. Kvart år arrangerer me også ei årleg Yrkes - og utdanninsmesse (YUM) der me ønskjer å gi deg informasjon og inspirasjon til utdanning - og yrkesval i indre Ryfylke. Her vil du også kunne møte dei ulike bedriftene på stand for å få meir informasjon.

YUM

YUM er eit samarbeid mellom Sauda VGS, Rytopp,  ungdomsskulane, kommunane og næringslivet i Sauda og Suldal.
Arbeidet er støtta av Ryfylkefondet.
Ryfylkefondet
Telefon: 906 84 861
Epost: marit@nhryfylke.no
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.