

-1.png)
Suldal Bygg vart etablert i 2003 og har hovudkontor på Sand i Ryfylke.




Suldal Bygg AS har pr. i dag 15 tilsette. Det er tilsett personar innafor mange fagfelt bla. tømrar, ,byggjeleiar, bygningsingeniør, sal, rekneskap m.m. Behovet for dyktige tømrarar er stort i vår bransje. Suldal Bygg har høgt fokus på å tilby læreplassar innafor tømrarfaget. Me søkjer til ei kvar tid etter lærevillig ungdom som ynskjer seg ei karriere innafor byggfag. Etter avslutta læretid og bestått fagprøve vil ein ha fagbrev som tømrar. Dette vil gi deg moglegheit til å arbeide både sjølvstendig og i team, ute og inne, heime og borte. Du vil få varierte arbeidsdagar og moglegheit til å utvikle deg sjølv og lære nye ting kvardag. Dersom du ynskjer å utdanne deg vidare kan du søkje deg inn på teknisk fagskule og ved fullført utdanning er du kvalifisert for stillingar som byggjeleiar, konstruktør, takstmann, kommuneteknikar, faglærar eller til å starte eiga bedrift.
Suldal Bygg er stolt samarbeidspartnar med Vestlandshus. Samarbeidet gjer oss i stand til å tilby moderne og fleksible hus og hytter som er tilpassa både naturen og behova til kundane våre. Med solid handverk og lokale røter byggjer vi kvalitet for framtida. Les meir om samarbeidet vårt ved å trykkja på knappen under.
Me ynskjer deg som ungdom lykke til i valet av utdanningsretning og me ynskjer deg velkommen som søkjar til lærlingplass hjå oss!

