Teknologisk karriere

Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.

Teknologisk karriere

Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.
Solveig Stensvåg Eriksen er stolt over at alle 33 femteklassingane var med på Girl Tech Fest i Sauda. Foto: Hanna Maria van Zijp

– Det var heilt fantastisk å sjå, knallkjekt å få lov til å vere med på noko slikt!

Solveig er så vidt i ferd med å lande etter å ha vore med som initiativtakar og arrangør av Girl Tech Fest i Sauda. Ho jobbar til dagleg som utviklar i konsulentselskapet Bouvet, som også er nasjonal samarbeidspartnar for  teknologiarrangementet for jenter i 5. klasse over heile landet. I Sauda gjekk arrangementet av stabelen for andre gong i år. Alle dei 33 jentene som går i 5. klasse i Sauda deltok, og dermed måtte   kommunestyresalen bli tatt i bruk i tillegg til biblioteket. Suksessen var eit faktum!

– Her fekk dei prøve seg på micro:bit for å animere eit hjarte til å slå og få armane til ei sprelledukke til å røre på seg. Dei fekk og prøve seg på Scratch-programmering, VR-briller og stein, saks og papir med micro:bit.

– Det er så viktig at jentene får leike med teknologi. Me ser at mange jenter misser den interessa i 10–12-årsalderen, så dette arrangementet skal vere med på å bidra til at dei forblir interesserte og kanskje etterpå vil vurdere ei teknologisk utdanning. Det treng me, seier Solveig engasjert.

Ni kvinnelege rådgjevarar frå Bouvet, Ryfylke IT Samarbeid, Eramet og Statkraft stilte opp denne dagen for å dele sin kunnskap og inspirere jentene som deltok.

Frå olje til IT

Solveig er sjølv ei av dei som ikkje mista den teknologiske interessa i ung alder. Foreldra kjøpte tidleg PC til heimen, og då Intel 286 kom i i hus, vart det opna ei heilt ny verd for unge Solveig. Plutseleg kunne ho spele med folk frå heile verda og til og med prøve seg på å bygge opp nettsider.

– Eg vart tidleg introdusert for dette, eg trur jo at det har hatt noko å seie. Vidare vart det allmennfag og bachelorgrad i multimedieteknologi og design ved Universitetet i Agder.

Etter ferdig utdanning kom Solveig inn i oljesektoren og jobba i mange år med brukargrensesnitt for oljeproduksjon og oljeboring. I 2016 vart tidene i næringa tøffe, og ho mista jobben.

– Då gjekk Bouvet ut i media og sa dei gjerne ville kurse arbeidsledige oljeingeniørar til IT. Eg heiv meg på og har ikkje angra på det. Bakgrunnen min frå oljenæringa kom og godt med, sidan me jobbar med mange kundar frå same sektor. Avdelinga mi jobbar med blant anna 3D, teknisk informasjon, digitale tvillingar og applikasjonar for oljenæringa.

I dag leiger Solveig kontor hjå Eramet, og er på Bouvet sitt kontor i Stavanger når ho har lyst, eller det trengs eit fysisk møtepunkt saman med kollegaene.

Ekstrem utvikling

Ho er klar på at kunstig intelligens og digitale verktøy må lærast og brukast for at ein skal klare å få ut verdi frå dei.

– Utviklinga går så enormt fort, og det blir viktig å stadig lære seg nye ting og henge med. Kunstig intelligens blir stadig viktigare i kvardagen til utviklarane, men den kan ikkje erstatte jobben som blir gjort endå. Kjeldekritikk blir berre viktigare og viktigare.

– Eg trur det vil bli mange spanande jobbar framover. Me treng mykje ulik kompetanse inn i vår bransje, me har behov for prosjektleiarar, utviklarar og designarar, for å nemne nokre. Eg merkar at eg har med meg mykje kunnskap frå oljenæringa over til IT-bransjen, så det er alltid verdi arbeidserfaring sjølv om ein bytter bransje etterkvart Finn noko som interesserer deg, er mitt beste tips, seier ho.

Gunnar Skålheim har alltid interessert seg for teknologi, difor var det naturleg at yrkesvalet og gjekk den vegen. Foto: Privat

Kybernetikk og robotikk

Gunnar var guten som det siste året i barnehagen fekk med seg små lappar med matte-oppgåver, som mor hadde stukke i lomma hans slik at han skulle ha noko å bryne seg på når han trong ein pause frå sandkassa.

– Du må jo ha vore eit genibarn?

– Nei, det var eg nok ikkje. Men litt spesielt er det nok, seier han og ler godt.

Etter studiespesialiserande på Sauda vidaregåande var suldølen fast bestemt på å slå gjennom som fotballspelar. Han satsa og reiste til Stavanger for å gå på toppidrettslinje. Men livet tok ei anna retning, og interessa for fysikk, kjemi og å studere meir mattematikk vart vekt.

– Plutseleg såg eg at ein kunne anvende matematikk i den verkelege verda, og realfaga vart interessante igjen.

Etterpå vart det masterstudiar i kybernetikk og robotikk ved NTNU. Kybernetikk er vitskapen om korleis dynamiske system, som til dømes robotar eller industrielle prosessar, oppfører seg, og korleis ein styrer slike system automatisk. Robotikk handlar om å avlaste mennesket frå tærande oppgåver ved hjelp av automasjon.

– Eg har alltid interessert meg for teknologi. Ei stund hadde eg lyst til å jobbe i bilindustrien og gjerne med sjølvkøyrande bilar. I dag er eg veldig godt nøgd med jobben som sivilingeniør i Equnior, her får eg jobbe med support ut til dei som er i Nordsjøen. Det er veldig spanande å få jobbe med overgangen til fornybar energi i bransjen.

No er han lokalisert i Bergen, i første omgang fram til våren, då ferda går vidare til ein av dei andre lokasjonane til Equnior.

To sider av kunstig intelligens

Gunnar er klar på at det er viktig å ta omsyn til dei etiske utfordringar som dukkar opp i utviklinga av kunstig intelligens.

– Shit in-shit out. Gir ein eit kunstig intelligent verktøy slappe rammer og dårleg treningsdata, kan ein ikkje forvente at produktet er eit superverktøy. Her kjem ansvaret til utviklarane inn med rammesetting og datafiltrering. I eit så raskt tempo som teknologiutviklinga går i no, er det veldig viktig at ein har tunga rett i munnen og ikkje mistar kontrollen.

– Korleis trur du utviklinga ser ut om 50 år?

– Då trur eg me har blitt flinkare til å finne alternative energikjelder, og eg trur me har utvikla kjernekraft som eit trygt alternativ. Energibehovet vårt er ikkje stagnerande, det veks stadig, samstundes som me må gjere noko med utsleppa våre.

– Du følgde draumen din. Har du eit tips til dei som står framfor utdanningsvalet no?

– Det er viktig å ikkje skrive planen du har i stein, skriv den heller med blyant slik at den kan viskast ut dersom det trengs. Lag deg ein plan og jobb mot den, men godta at ein kanskje må endre retning eller ta nye val. Det gjer ingenting.

– Det var heilt
fantastisk å sjå,
knallkjekt
å få lov til å
vere med på
noko slikt!

SOLVEIG STENSVÅG ERIKSEN

Les óg:

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.
Byggingeniør Berge Marius Stople

Vel du feil, kan du alltid byte

For Iryna, Jon og Hildegun har vegen frå utdanning til arbeidsliv tatt retningar dei ikkje hadde sett føre seg i starten. Men sjølv om det ikkje vart plan A, skulle det vise seg at Plan B var vel så god.

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.

Læretid i prosess

Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.

Dei som skapar sitt eige

Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel fire gründarar om korleis dei lukkast.

Arkitekten i leiarstolen

Andre såg leiar-potensialet til Beate Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».

Teknologisk karriere

Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.

Kva vil du bli?

Sjå alle artiklar