Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand
Det er du som må kjenna aller mest etter på kva du vil trivast med. Når folk trivst med det dei gjer, kjem motivasjonen meir av seg sjølv. Kjenn etter, og sett opp pluss- og minus-sider ved ulike val. Til deg som har klare planar, kan me som rådgjevarar vera med å tenkja framover, og visa at det fleire vegar til målet. Kjenner du behov for ein meir praktisk skuledag, er yrkesfag eit godt alternativ. Der får du større variasjon og kan komma relativt raskt ut i jobb om det er arbeidslivet som fristar mest. Dersom du vil ta høgare utdanning, kan du alltid ta påbyggingsår for å få generell studiekompetanse. Hugs at du kan dyrka interesser medan du byggjer studiekompetanse – ta gjerne idrett, musikk, dans og drama, media og kommunikasjon eller kunst, design og arkitektur. Det viktigaste er å fullføra ei utdanning, uansett om det er fagbrev eller studiar.
TEKST OG FOTO: HANNA MARIA VAN ZIJP