Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule
Når du skal velja vidare utdanning, er det viktig å ha tenkt godt i forkant. Du må ha informasjon om utdanningsprogram og om skulen du vil søkja til. Ta utgangspunkt i eigne interesser og ønske. Du kan få informasjon på skulen, yrkes- og utdanningsmessa, venner og kjende, familie og på gode nettsider. Bruk rådgjevarane rundt deg, både oss som jobbar med det på skulen, og dei som kjenner deg ekstra godt. Oppsøk informasjon, senk skuldrene og kjenn på kor spennande denne tida i livet er. Prøv å ikkje bli for mykje påverka av kva alle andre vil velja, men still spørsmålet «Kva vil eg?». Du har garantert talent og evner du kan utvikla framover, som både du og samfunnet vårt har god nytte av. Når du skal over i vidaregåande skule, kjem du til å læra enormt mykje, både fagleg og personleg. Dersom du gjer så godt du kan, er det som regel meir enn godt nok.
TEKST OG FOTO: HANNA MARIA VAN ZIJP