Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».
Laga:
Elisabeth Lie Nilsen
Elisabeth Lie Nilsen

Det er viktig å kanskje ikkje lytte for mykje til vener og foreldre når det gjeld sjølve valet. Men - bruk dei gjerne til å diskutere med, og la dei få utfordre deg med spørsmål om vala dine.

Sjekk ut kor det er jobbmoglegheiter Det er viktig at du vel noko som ligg innanfor ditt eige interessefelt – men du bør òg sjekke om det faktisk er jobbmoglegheiter i framtida innan det du vel, der du ønskjer å bu. Det er og viktig å sjå om det gir det inntektsgrunnlaget du kan tenkje deg å leve med.

1. Skaff deg digital kunnskap - uansett val I framtida kjem mange jobbar til å krevje breiddekompetanse og gjerne samansett kompetanse, det kan difor vere lurt å ta fleire utdanningar innan fleire retningar. Til dømes kan det vere klokt for mange akademiske yrke å ta IT-fag i tillegg. God digital kunnskap i framtida er like viktig som å kunne lese, skrive, snakke eller slå spikar har vore til no.

2. Tenk fleirfagleg Fagbrev, fagbrev og fagbrev! Kravet til kompetanse aukar både i praktiske og meir teoretiske yrke. Det betyr at å skaffe seg fagbrev dersom ein vel yrkesfag, vil vere viktig for å vere attraktiv på arbeidsmarknaden. Krav om fagbrev ligg ofte inne i kontraktsvilkåra til bedriftene, og gjer det endå vanskelegare for dei utan fagbrev å kome inn i praktiske yrke. Dersom du ikkje er flink med teori og skulefag, kan ein ta læreløp som er meir praktisk orienterte.

3. Søk skuleplass uansett! Tenk deg nøye om før du vurderer eit år utan studiar. Det kan vere vanskeleg å få jobb med lite utdanning og erfaring. Eg vil anbefale at du søkjer skuleplass uansett, og jobbar hardt med å skaffe deg jobb så snart som mogleg. Sei ikkje frå deg skuleplassen før du har jobb i boks.

4. Ta initiativ, vis engasjement Det er òg lurt å tenkje på å «bygge CV» når ein er ung. Altså å velje å delta på aktivitetar, skaffe seg deltidsjobb, bidra i frivillig arbeid, ha hobbyar og så vidare som støttar opp om yrkesvalet ein tar. Då vil ein lettare skilje seg ut frå mengda etter utdanninga.

5. Unngå å avbryte! Prøv å unngå å droppe ut midt i noko! Spør heller om hjelp til å få gjennomført, så tidleg som mogleg. Det finst hjelp å få om ein treng tilrettelegging både på skulen og som lærling. Sjekk ut dette før du vel å avslutte noko for tidleg. Samansett kompetanse frå fleire retningar kan vere veldig bra på arbeidsmarknaden, men då må du fullføre for at det skal vere nyttig for deg!

Lukke til med valet ditt!

ELISABETH LIE NILSEN, NAV MARKED, NORD ROGALAND

Les óg:

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat no…

Fleire tips og råd

Frå fjøs til frukostbord

Før mjølka hamnar i glaset ditt, har ho vore innom mange ulike yrke.
Illustrasjon med oversikt over alle yrker produksjon av mjølk går gjennom per liter.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand

Kva vil du bli?

Lilly Lucas, Sauda ungdomsskule
Lilly Lucas

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule

Kva vil du bli?

Nora Herabakka Tveiten, Suldal ungdomsskule
Nora Herabakka Tveiten

Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule

Helen Moen Gjuvsland

Tips til 15 år gamle meg:
Helen Moen Gjuvsland

Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Linde Espeland

Kva vil du bli?

Mohamad Ziad Ibrahim, Sauda ungdomsskule
Mohamad Ziad Ibrahim

Kva vil du bli?

Odd Inge Bakka, Suldal ungdomsskule
Odd Inge Bakka

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule

Tips

til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Logo Vilbli.no

Helene Romsbotn

Tips til 15 år gamle meg:
Helene Romsbotn

Kva vil du bli?

Sondre Madsen, Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Sondre Madsen

Du har meir enn éin veg

Det er mykje å glede seg til. Nye menneske og opplevingar. Kanskje ventar ein hybel i ein framand by. Kanskje ein læreplass like i nærleiken. Framtida kan verke stor når du står framfor eit utdanningsval. Og ho byr på meir enn du ser no.
Sveinung Ravnås - dagleg leiar Ryfylke utdanningssenter
Sjå alle artiklar