Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.

Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.
Laga:

Dette kan du gjere alt no

• Sjekk at BankID eller MinID fungerer – du treng det for å søkje.

• Avtal ein prat med rådgjevaren.

• Gå på yrkes- og utdanningsmessa og snakk med folk som jobbar i faget.

• Ring eller besøk ei bedrift du er nysgjerrig på.

• Lag ein kort CV – han trengst når du søkjer læreplass.

• Sjekk kva fag drøymestudiet ditt krev.

‍

Til deg som vil bli lærling

Mange læreplassar blir aldri lyste ut, og bedrifter i Ryfylke ser etter folk som vil noko. Det er bedrifta som vel, og ho vel gjerne den som viser interesse og vilje. Du søkjer i Vigo og direkte til bedrifta.

Start tidleg: finn bedrifter, lag ein kort CV og ta kontakt.

Ver klar tidleg på nyåret – det er då mange læreplassar blir lyste ut.

Bedriftene og kommunane kan ha eigne fristar, òg tidlegare enn Vigo.

RYTOPP er opplæringskontoret i Ryfylke. Kontakt dei eller bedrifta sjølv om ingen plass er utlyst.

QR-kodar: Lærebedrifter i Ryfylke · Slik søkjer du læreplass

‍

Til deg som går i 10. klasse

All søking til vidaregåande skjer på Vigo.no. Du loggar inn med MinID eller BankID, så sjekk at det fungerer i god tid. Vigo opnar etter nyttår, og du kan endre søknaden heilt fram til fristen. Det som står i Vigo på fristdagen, er det som gjeld.

Utforsk: Vilbli.no viser fag og vegar gjennom vidaregåande. Utdanning.no lèt deg utforske yrke. Utdanningiryfylke.no viser kva som finst her.

Tenk langt: Nokre studium krev bestemte fag. IT-studium kan til dømes krevje R1 eller S1+S2 i matematikk.

‍

Til deg som går på vidaregåande

Folkehøgskule: Eit år til å utforske. Ingen søknadsfrist, men opptaket startar alt hausten før – søk tidleg om du vil ha ei bestemt linje. Folkehogskole.no

Fagskule: Høgare yrkesfagleg utdanning som byggjer på vidaregåande, ofte på fagbrev. Fristane varierer – nokre har løpande opptak.

Høgskule og universitet: Gir bachelor og byggjer på studiekompetanse eller realkompetanse. Du søkjer via Samordnaopptak.no. Opptaksreglane er i endring, så sjekk det som gjeld for året du søkjer.

Studere heime: Ryfylke utdanningssenter har fagskule- og høgskuletilbod i regionen. Du kan ta utdanning utan å flytte.

Pengar: Når du har fått plass, søkjer du stipend og lån hos Lånekassen.no.

‍

Slik heng fristane saman

Vidaregåande og læreplass: Du søkjer i Vigo etter nyttår, og fristen er tidleg på våren. Nokre søkjarar har ein tidlegare frist, mellom anna dei med fortrinn, individuell behandling, minoritetsspråklege og lærekandidatar. Kommunane og bedriftene kan ha læreplassfristar som kjem før Vigo-fristen.

Høgare utdanning: Samordna opptak opnar etter nyttår, og hovudfristen er om våren. Nokre søkjarar, mellom anna dei som søkjer med realkompetanse, har tidlegare frist. Du kan endre rekkjefølgja på studieønska fram mot sommaren, og tilbod og svarfrist kjem om sommaren.

Folkehøgskule: Opptaket startar hausten før skulestart, og plassane blir fylte etter kvart.

Sjekk alltid årets fristar på Vigo.no, Samordnaopptak.no og hos bedrifta du søkjer til.

Du treng ikkje finne ut av alt åleine. Rådgjevaren på skulen, RYTOPP og fylkeskommunen hjelper deg vidare – det viktigaste er å ta kontakt.

‍

Til deg som er vaksen

Frå du er 19 år, kan du ta vidaregåande som vaksen. Du kan søkje og få rettleiing heile året, men søk tidleg på våren om du vil starte til hausten. Mange kan halde fram i jobben medan dei tek utdanning – ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Den såkalla 23/5-regelen er òg ein veg inn i høgare utdanning seinare i livet.

Les meir på sauda.vgs.no

Les óg:

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat no…

Fleire tips og råd

Frå fjøs til frukostbord

Før mjølka hamnar i glaset ditt, har ho vore innom mange ulike yrke.
Illustrasjon med oversikt over alle yrker produksjon av mjølk går gjennom per liter.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand

Kva vil du bli?

Lilly Lucas, Sauda ungdomsskule
Lilly Lucas

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule

Kva vil du bli?

Nora Herabakka Tveiten, Suldal ungdomsskule
Nora Herabakka Tveiten

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule

Helen Moen Gjuvsland

Tips til 15 år gamle meg:
Helen Moen Gjuvsland

Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Linde Espeland

Kva vil du bli?

Mohamad Ziad Ibrahim, Sauda ungdomsskule
Mohamad Ziad Ibrahim

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».
Elisabeth Lie Nilsen

Kva vil du bli?

Odd Inge Bakka, Suldal ungdomsskule
Odd Inge Bakka

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule

Tips

til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Logo Vilbli.no

Helene Romsbotn

Tips til 15 år gamle meg:
Helene Romsbotn

Kva vil du bli?

Sondre Madsen, Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Sondre Madsen

Du har meir enn éin veg

Det er mykje å glede seg til. Nye menneske og opplevingar. Kanskje ventar ein hybel i ein framand by. Kanskje ein læreplass like i nærleiken. Framtida kan verke stor når du står framfor eit utdanningsval. Og ho byr på meir enn du ser no.
Sveinung Ravnås - dagleg leiar Ryfylke utdanningssenter
Sjå alle artiklar