Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland

Veit du kva du vil bli?

Linde Espeland (19), lærling som prosessoperatør ved Eramet og medlem av Ungdommens Fylkesråd i Rogaland
Laga:
Linde Espeland
Linde Espeland

Å velje yrkesretning når ein er usikker på kva ein vil utdanne seg til, eller jobbe med er ikkje enkelt. For nokre er det rett å ta studieførebuande, både for å tenkje litt meir på kva ein vil, og for å sikre seg studiekompetanse. For andre kan yrkesfag vere ei smart løysing, og gi eit verdifullt lærebrev i andre enden.

Det viktigaste er uansett å finne svara på dei viktige spørsmåla: Kva skal eg bli? Kva ynskjer eg å jobbe med? Kva interesserer eg meg for? Skal eg studere, og isåfall kva? Viss du etter å ha stilt desse spørsmåla, til dømes finn ut at du vil bli elektrikar er det lurt å velje yrkesfag. Når ein vel yrkesfag, får ein eit innblikk i ulike fagområde, noko som kan hjelpe deg med å finne ut om det er noko for deg eller ikkje. Sjølv om det aldri er for seint å snu, eller endre retning i utdanninga, så er det verdi i å velje noko praktisk for dei som ynskjer det. Å velje yrkesfag kan difor vere ein tryggare veg for å utforske karrieremoglegheiter og finne ut kva som verkeleg interesserer deg. I tillegg er yrkesfag ofte meir praktisk orientert, noko som kan gjere læringsprosessen meir engasjerande. Yrkesfag opnar dører til mange spanande karrierer som du også seinare kan bygge videre på, til dømes via fagskulen.

Målet er uansett å treffe noko du ynskjer, og som er rett for deg. Eg slår gjerne eit slag for yrkesfag, og vonar lærebrevet får den statusen det fortener. Samstundes er det så mange vegval som er rette for kvar einskild, og studieførebuande er sjølvsagt eit smart val for dei som veit dei ynskjer å studere vidare.

Lukke til med valet

Les óg:

Ingen innlegg i denne kategorien akkurat no…

Fleire tips og råd

Frå fjøs til frukostbord

Før mjølka hamnar i glaset ditt, har ho vore innom mange ulike yrke.
Illustrasjon med oversikt over alle yrker produksjon av mjølk går gjennom per liter.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Ingrid Nafstad Lyftingsmo, rådgjevar på ungdomsskulen på Sand

Kva vil du bli?

Lilly Lucas, Sauda ungdomsskule
Lilly Lucas

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Gro Melstveit, rådgjevar på Sauda ungdomsskule

Kva vil du bli?

Nora Herabakka Tveiten, Suldal ungdomsskule
Nora Herabakka Tveiten

Tips: Kva blir ditt neste steg?

Du treng ikkje ha heile framtida klar – berre neste steg. Og mange av vegane startar her i Ryfylke.

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Kristin Bruknapp, avdelingsleiar og rådgjevar vaksenopplæring ved Sauda vidaregåande skule

Helen Moen Gjuvsland

Tips til 15 år gamle meg:
Helen Moen Gjuvsland

Kva vil du bli?

Mohamad Ziad Ibrahim, Sauda ungdomsskule
Mohamad Ziad Ibrahim

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».
Elisabeth Lie Nilsen

Kva vil du bli?

Odd Inge Bakka, Suldal ungdomsskule
Odd Inge Bakka

Rådgjevarane gir råd

Nokon veit det, andre har ikkje peiling. Kva er dei beste råda til folk som skal velja utdanning?
Lillian Nordengen, yrkes- og utdanningsrådgjevar på Sauda vidaregåande skule

Tips

til deg som skal søkje skuleplass, læreplass eller studiar!
Logo Vilbli.no

Helene Romsbotn

Tips til 15 år gamle meg:
Helene Romsbotn

Kva vil du bli?

Sondre Madsen, Sauda VGS påbygg VG4 med fagbrev
Sondre Madsen

Du har meir enn éin veg

Det er mykje å glede seg til. Nye menneske og opplevingar. Kanskje ventar ein hybel i ein framand by. Kanskje ein læreplass like i nærleiken. Framtida kan verke stor når du står framfor eit utdanningsval. Og ho byr på meir enn du ser no.
Sveinung Ravnås - dagleg leiar Ryfylke utdanningssenter
Sjå alle artiklar