Iryna Krochuk (31 år) hadde jobba ti år som jurist i Kiev, då krigen braut ut. På kort tid var eit stabilt liv med kvardag og familie snudd opp ned og dei måtte flykte frå landet. Ho og dottera kom til Noreg i juli 2022 og var først på eit mottak i Hå kommune, før dei flytta til Sand i august same år. Å reise frå ein millionby i heimlandet til ein liten vestlandskommune med eit anna arbeidsliv og språk, gjorde at ho var lite optimistisk for jobbmoglegheitene sine.
– Eg var veldig bekymra for at yrket som jurist var det dårlegaste når ein flytter til eit anna land. Det er nye lovar og reglar, og eg hadde kun kunnskap om det ukrainske lovverket.
Likevel skulle ho oppdage at sjølv om det ukrainske vitnemålet ikkje kunne godkjennast i Noreg, hadde ho opparbeidd seg verdifulle erfaringar som vart sett på som særs relevante også i det norske arbeidslivet. Etter to månadar på norskkurs hjå Introsenteret, fekk ho stilling som miljøarbeidar i NAV. Vidare fekk ho ei prosjektleiarstilling i «Alle skal med» som hadde som mål å inkludere folk som står utanføre jobb. Frå september i år har ho vore tilsett i 100 prosent stilling som rådgjevar i NAV. På kort tid hadde ho gjort eigne tankar om ulemper i arbeidslivet til skamme.
– Sjølv om eg ikkje nyttar utdanninga mi direkte, er arbeidserfaringa mi kunnskap som eg har med meg og som eg brukar kvar dag i jobben min i Suldal. Eg er til dømes vand med å lese lover, skrive dokument og kommunisere med folk. Så, eg tenkte feil i starten. Utdanninga mi var ikkje den beste, men den var heller ikkje den dårlegaste.
I dag følgjer ho opp folk som er sjukemelde og på arbeidsavklaringspengar. Ho trivst godt med arbeidsoppgåver, kollegar og det gode miljøet på jobb. På spørsmål om kva råd ho vil gi til unge menneske som står på terskelen til yrkesval og utdanning, er ho klår.
– Ver avslappa! Eg hugsar det kjendes ut som om det var eit val for heile livet, men om du vel feil, kan du alltid byte. Om du ikkje prøver, vil du aldri vete. Det er også lurt å ha kunnskap og erfaring på fleire område, å vere multifunksjonell!
Jon Eriksen Vold jobbar i dag hjå Grieg Seafood i Erfjord samstundes som han tek ein bachelorgrad i havbruk. Vegen fram til dette yrkesvalet, hadde nokre heilt andre mellomstopp undervegs.
– Eg vaks opp i Suldal og tok allmennfag (no: stud.spes) ved Sauda vidaregåande skule. Etter førstegongsteneste som vart avbrote etter eit halvt år grunna ein brekt fot, starta eg på byggingeniør i Stavanger. Då eg hadde vore student i eit halvt år skjønte eg at eg ikkje var klar, og fekk heiltidsjobb i ein byggevarebutikk. Der blei eg i to-tre år.
Under tida i byggevarebutikken jobba han mellom anna med ungdom som hadde falt utanføre skulen. Han treivst godt med å vere arbeidsleiar for dei og legge til rette for meistring. Ei ny yrkesretning vart interessant.
– Eg søkte meg inn på barnevernspedagogikk i Sogndal. Eg kjende fleire som hadde gått på der og som hadde mange lovord. Å få ei utdanning som kunne spissa seg mot unge vaksne var interessant.
Ferdigutdanna som barnevernspedagog gjekk vegen heim til Suldal. Planen var å vente på kjærasten eit år, medan ho gjorde seg ferdig med studiar i Danmark. I mellomtida skulle han ha eit vikariat på Sand skule.
– Gjennom året vart eg usikker på om eg ville jobbe med venene mine sine ungar. Det hadde blitt enda tettare på lokalsamfunnet om eg skulle ha gått inn på barnevernsvegen.
Då han starta å tvile på yrkesvegen, tok han kontakt med den gamle sommarjobben sin, Erfjord stamfisk, som no heiter Grieg Seafood. Etter få veker fekk han full jobb. I dag har han tatt fagbrev og jobbar som teknikkar. Parallelt tek han ein bachelor i havbruk, deltid på Høgskulen på Vestlandet. Han er ikkje i tvil om at ein lengre veg til draumeyrket vore verd det.
– Det har langt i frå vore ein klar plan bak alt, det er fleire tilfeldigheiter involvert, men det har gått veldig bra! Eg har hamnapå heilt rett hylle og trivst særs godt med arbeidsoppgåvene. Eg trudde det å jobbe med menneske var min veg å gå, men så viser det seg at å jobbe resultatbasert og å kunne påverke eit produkt, er noko som motiverer meg veldig.
Om han skal gi eit råd til ungdom i dag, vektlegg han trivsel.
– Prøv å finne ut kva du syns er kjekt, -ikkje berre tenk at du skal ha ein jobb. Det er veldig vanskeleg som 15-16 åring å stake ut ein kurs, men ein har mange moglegheiter til å endre retning, snu og prøve noko heilt anna.
Hildegun Solheim (30 år) visste lenge ikkje kva ho skulle bli, og følgde fritidsinteressa. I dag driv ho Nuten Sport i Sauda, som ikkje var ein yrkesveg ho hadde fremst i tankane, då ho gjekk på Sauda vidaregåande skule.
– Eg tok vanleg studiespesialiserande då eg ikkje visste kva eg skulle bli. Undervegs tok eg 2. året som utvekslingsstudent i USA og så gjekk turen til Bali med eit semester med idrettsfag. Då eg kom heim, fann eg ut at eg kunne ta resten av studiet i Sogndal, og slik få eit årsstudium i idrett.
Friluftsliv og idrett var noko som har vore ein sterk del av oppveksten hennar i Sauda. Det vart difor ein god veg å utvide årsstudiet til ein bachelor med to spesialiseringar. Ein med fordjuping i fysisk aktivitet og helse og ein i friluftsliv. Då ho nærma seg studieslutt i Sogndal, byrja tankane å vandre mot yrkeslivet.
–Me visste me ville flytte tilbake til Sauda, og eg byrja å sjå på jobbar. Eg fekk tilbod om mange småjobbar som PT på treningssenter, miljøterapeut i omsorgsbustad, vikariat på Sauda vidaregåande skule og ei prosjektstilling i kommunen. Etter å ha jobba eit år i ulike småstillingar, måtte eg tenkje meg om kva eg eigentleg ville bli. Og om Sauda hadde dei jobbmoglegheitene eg var på leit etter.
Tanken byrja å spinne mot å skape sin eigen arbeidsplass. Med lidenskap for friluftsliv og tidlegare deltidsjobbar i sportsbutikk, opna ho butikken Nuten Sport i 2018. Det som var berre ei lita spire, er no blitt arbeidsplass for fleire, med fysisk butikk, nettbutikk, og kundegruppe over heile landet.
–Eg sakna ein nisjebutikk etter å ha budd vekke og sett kva andre plassar har. Det er ikkje ein fullsortimentbutikk, men spissa mot tur og friluftsliv. No driv eg butikk innanføre noko eg brenn for og elskar å halde på med. Då får du ein ekstra motivasjon og meistring. Det er kjekt å kjenne at du får til noko heilt sjølv!
I dag jobbar ho fulltid i butikken men har også gruppetime på treningssenteret Frisk og Rask. Om ho skal gi eit år til ungdommar i Sauda og Suldal som står på trappene til utdanning og yrkesliv, er rådet å lytte til seg sjølv.
–Det er viktig å gå for noko som du trur du kan trivast med. Ikkje vel noko fordi andre vel det. Eg har mange gonger lurt på kvifor eg gjekk studiespesialisering og ikkje idrettsfag, eg som likte så godt idrett! Men der og då følgde eg straumen av vener som valte studiespesialisering. Det er ikkje farleg å velje dei meir spissa linjene, ein kan alltids ta påbygg i etterkant.
– Eg trudde det å jobbe med menneske var min veg å gå, men så viser det seg at å jobbe resultatbasert og å kunne påverke eit produkt, er noko som motiverer meg veldig.
JON ERIKSEN VOLD
TEKST: INGA KLOKKERSTUEN WANGENSTEEN