Arkitekten i leiarstolen

Andre såg leiar-potensialet til Beate Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.

Arkitekten i leiarstolen

Andre såg leiar-potensialet til Beate Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.

Eit år etter Beate Kristine Asbjørnsen hadde byrja å jobba som arkitekt ved AROS Arkitekter i Sandnes, organiserte ho studieturen deira til Rotterdam.

Det var ingen tvil om at ho hadde stålkontroll på gjengen med 18-20 vaksne på tur. Mest sannsynleg var det derfor eit av styremedlemmene som var med på turen, sa at «der er den nye daglege leiaren vår».

– Kjekt når andre ser potensialet

Det fekk ho rett i. I 2022 skulle dagleg leiar Odd Magne Vatne pensjonera seg. Vatne, som var med og starta AROS, ville føreslå Beate som arvtakar. Ho var langt frå sikker, ho kjende seg for ung, og hadde ikkje denne typen leiarambisjonar på det tidspunktet.

– Det var ikkje noko eg gjekk og tenkte på. Eg visste at det å vera dagleg leiar, er eit stort ansvar, fordi eg er vaksen opp med foreldre som har drive bedrift i mange år, seier Beate.

Etter å ha tenkt litt, svara ho ja.

– Når moglegheita baud seg, kvifor ikkje? Det er kjekt at folk ser potensialet i deg sjølv om du har sett deg i ein annan boks som ung og uerfaren.

Har alltid tid

Nå har Beate ansvar for økonomien, prosjekta og dei 23 arkitektane, landskapsarkitektane, interiørarkitektane, ingeniørane, tekniske teiknarane og byplanleggjarane som arbeider i AROS. Ho har kontroll på rekneskapen, tilset folk, driv salsarbeid, og har ansvar for at dei tilsette har det bra i jobben.

– Som leiar må du vera viljug til å stå for avgjerder til det beste for bedrifta for eit lenger perspektiv enn her og nå. Du må også ta deg tid til dei tilsette. Alle kan komma til meg om dei har noko på hjartet – eg har alltid tid og alltid fem minutt. Sjølv om det kanskje blir meir jobb i andre enden, så er det veldig viktig for eit godt arbeidsmiljø at alle kjenner seg sett og høyrt, seier Beate.

Held seg oppdatert

– Kva du bør kunna frå før og kva kan du læra deg som dagleg leiar?

– Det meste kan lærast, men for å vera ein god leiar, må du vera genuint opptatt av korleis dei tilsette har det, og kva dei treng for å gjera ein god jobb, seier Beate.

Drift og økonomistyring av bedrifta kan ein læra seg – men utover det overordna ansvaret, er ei av dei viktigaste oppgåvene som leiar å hjelpa og støtta medarbeidarane.

– Nøgde tilsette vil gjera ein betre jobb og gi meir nøgde kundar, som igjen bidreg til omdømme og fleire prosjekt, utdjupar Beate.

Praktiserer som arkitekt

Beate held seg også fagleg oppdatert med føredrag og kurs om leiing. Men ho har ikkje forlate jobben som arkitekt. I tillegg til rolla som dagleg leiar, praktiserer Beate som arkitekt på ulike prosjekt. AROS Arkitekter gjer alt frå industribygg til skular og gjenopning av elvar, og Beate trivst med å vera tett på faget.

Ho visste tidleg  at ho ville bli arkitekt. Derfor er ho også opptatt av at unge som er interesserte i faget, ikkje nøler med å få arbeidspraksis for å testa det ut.

– For eksempel har me i AROS ofte praktikantar inne, og har eit fast opplegg som passar for unge.

TEKST: HANNA MARIA VAN ZIJP
FOTO: AROS ARKITEKTER

Les óg:

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.
Byggingeniør Berge Marius Stople

Vel du feil, kan du alltid byte

For Iryna, Jon og Hildegun har vegen frå utdanning til arbeidsliv tatt retningar dei ikkje hadde sett føre seg i starten. Men sjølv om det ikkje vart plan A, skulle det vise seg at Plan B var vel så god.

Ny retning i same faget

Byggingeniør Berge Marius Stople (29) er godt i gang med læretida som tømrar, medan vernepleiar Hilde Kvaløy (33) har utfordra seg sjølv som avdelingsleiar ved Åbøtunet. – Kunnskapen ein har med seg frå før er gull verdt, meiner dei to.

Læretid i prosess

Eina Jordebrekk Fermann (26) og Daniel Ljung (18) er begge godt i gang med læretida som prosessoperatør. Sjølv om dei deler målet om fagbrev, er vegen fram ganske ulik.

Dei som skapar sitt eige

Mange drøymer om å skapa sin eigen arbeidsplass. Her fortel fire gründarar om korleis dei lukkast.

Arkitekten i leiarstolen

Andre såg leiar-potensialet til Beate Kristine Asbjørnsen (34) før ho gjorde det sjølv. Nå leier ho eit arkitektkontor med 23 tilsette – og teiknar framleis bygningar.

Ikkje lytt for mykje til foreldra dine!

Det er mykje å tenkje på når ein skal velje retning på utdanninga si, så bruk tida godt! Søk opp interessetestar på nettet, les om ulike yrke – til dømes «Jobbkompasset» på Utdanning.no og les framtidsanalysar som «Kva yrke treng me i framtida».

Teknologisk karriere

Kunstig intelligens, robotikk og ei digital utvikling i racerfart pregar næringslivet. Møt Solveig Stensvåg Eriksen (40) og Gunnar Skålheim (24), som begge har funne sine drøymejobbar i teknologien.

Kva vil du bli?

Sjå alle artiklar