.jpg)
Ho er direktør ved Handelshøyskolen BI, campus Stavanger, og ser kvar dag korleis KI endrar måten studentane lærer på.
– Eg er optimist og ser at KI er eit viktig verktøy for studentane, seier Hammervold.
Studenthelseundersøkinga SHoT frå 2026 viser kor raskt det har gått. Nesten ni av ti studentar har brukt KI siste semester, og åtte av ti meiner KI hjelper dei å lære meir. Men to av tre er òg uroa for negative følgjer.
– Enkelt sagt har me gått frå pugging av pensum til kritisk tenking på kort tid. KI kan hjelpe med fakta og struktur, då handlar det om å vurdere informasjonen og forstå samanhengane. Det er ein heilt anna måte å lære på, seier Hammervold.
BI har gått frå å vere skeptisk til KI-verktøya til å spørje korleis studentane kan bruke dei klokt. Dei skal lære tre ting: å klare seg utan KI, å forstå kva KI er, og å bruke KI til å lære. Målet er å ruste studentane for arbeidslivet.
Difor legg BI stor vekt på kritisk tenking og på å stille dei rette spørsmåla. Det siste kallar Hammervold bestillarkompetanse, altså kompetansen som krevst for å bruke KI på ein god måte.
– KI analyserer mykje raskare enn oss. Men me menneske må framleis kunne vurdere svaret og bruke det saman med anna informasjon. For oss er det viktig at studentane blir gode på samhandling og refleksjon.
Hammervold trur ikkje at økonomi, realfag, samfunnsfag eller yrkesfag forsvinn. Men meiner derimot at repeterande og administrative oppgåver står i fare for å bli tekne over av KI. Det er ikkje lett å spå framtida.
– Det me derimot veit heilt sikkert, er at me treng både ein fagleg plattform og dei menneskelege ferdigheitene: å samarbeide, kommunisere, lytte og løyse problem saman. Dette må me og trene på.

Alf Aadnøy er forretningsutviklar i Næringshagen i Ryfylke og brenn for moglegheitene som KI skaper.
– Me veit at KI vil spele ei viktig rolle i alle yrke og i alle fag framover, seier han, og nemner fleire døme frå arbeidslivet: Elektrikaren kan bruke KI-verktøy som les teikningar og målingar, og sjukepleiaren som kan få hjelp til dokumentasjonen, som i dag tek mange timar i veka.
– Men det må alltid vere eit menneske der. Det er du som tek avgjerslene. Det må me aldri gløyme
Aadnøy kallar det MI, altså menneskeleg intelligens.
– KI kan rekne, skrive og analysere. MI er det du har som maskina ikkje har: dømmekraft, ansvar, kreativitet og hjarte. Det er MI som gjer deg verdifull, seier han.
Aadnøy oppmodar ungdom til å vere skaparar, ikkje berre brukarar. Lag musikk, spel, video eller ein app, og bruk KI som verktøy, men la det vere di eiga stemme, dine idear og din stil.
– Utfordre deg sjølv. Bruk verktøya, men bygg det sjølv. Då byggjer du kompetanse som arbeidslivet treng og vil ha i framtida. Nysgjerrigheit og kreativitet blir viktige eigenskapar. KI kan gi deg svar, men du må stille dei gode spørsmåla og sjå nye moglegheiter.
Aadnøy meiner du kan bruke KI i yrkes- og utdanningsval . Fortel til dømes at du er glad i data og å vere ute i naturen, og spør kva yrke som kombinerer det. Kanskje får du forslag du aldri hadde tenkt på sjølv, som dronepilot i landbruket, eller ingeniør innan fornybar energi.
– Bruk KI som ein samtalepartnar, ikkje som ein fasit. Ta med deg ideane til rådgjevaren din, og still fleire spørsmål der. Det KI kan hjelpe deg med er å rydde i tankar og finne fram til yrke og studieretningar du kanskje ikkje kom på sjølv.
Monica Hammervold ved Handelshøyskolen BI forstår at det er vanskeleg å spå arbeidslivet om ti år.
– Ta utgangspunkt i kva du brenn for og er nysgjerrig på, og utforsk dine eigne styrker. Arbeidslivet vil og forvente at du held fram med å lære. Difor ser me òg at mange som ein start bygger ein ganske brei plattform gjennom studiane sine i dag, og fyller på med meir etter kvart. Det er aldri for seint å lære noko nytt.
Aadnøy peikar òg på at KI fører til at det ikkje lenger spelar så stor rolle kor du bur. Du kan byggje ei nettside, lage ein forretningsplan og kome i gang med ei bedrift på ei helg, utan å kunne alt sjølv.
– Dette gir endå betre grunnlag for at du kan jobbe kor du vil, uansett kven du jobbar saman med eller kva du jobbar med. Du treng ikkje flytte til Oslo for å jobbe med teknologi. Med KI kan du byggje noko stort frå Sand, Sauda eller Hjelmeland, seier han.
Når du søkjer jobb eller læreplass, er rådet hans enkelt:
– Det som får deg til å skilje deg ut, er å vere deg sjølv. Ring og sei at du er interessert i jobben, og still spørsmål. Då legg bedriftene merke til deg, sjølv om KI har hjelpt deg med å lage teksten. KI kan skrive søknaden, men det er du som må få jobben, oppfordrar Aadnøy.
TEKST: JUDITH SØRHUS LITLEHAMAR